Hopp til innhold

Ei vitamininnsprøyting av ein tur

Den pensjonerte statslosen Ottar Jens Eik har hatt ansvaret for å styre sommarbåten nedover norskekysten. Laurdag mønstra han av båten på heimebane.

EIK

Den pensjonerte statslosen Ottar Jens Eik har hatt ein uforgløymeleg tur langs norskekysten.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det har vore ein heilt fantastisk tur, ei verkeleg vitamininnsprøyting, seier den pensjonerte statslosen Ottar Jens Eik frå Harøya.

Den pensjonerte statslosen frå Harøya er ein av dei som har hatt ansvaret for å styre NRKs sommarbåt MS «Sjøkurs» sidan avreisa i Vadsø 21. juni. Laurdag fekk han gi alle om bord i sommarbåten ei omvising på meir heimlege traktar.

– Turen frå Molde til Ulsteinvik var sjølvsagt ekstra spesiell og mottakinga her i Ulsteinvik var heilt utruleg. Det har blitt meir og meir folk for kvar hamn vi har besøkt, seier Eik.

Uforgløymeleg tur

Den pensjonerte statslosen har hatt ein minnerik tur, og meiner det spesielle med sommarbåten er at den besøker mange småstadar langs kysten, og ikkje berre byane.

Eik

Ottar Jens Eik har styrt MS «Sjøkurs» nedover kysten.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

– Eg har fått sjå plassar eg truleg aldri hadde besøkt på eiga hand, seier Eik.

Han fortel vidare at naturopplevingane blir det han kjem til å huske best frå turen, i tillegg til alle personane han har møtt langs vegen.

– Vi har generelt hatt mykje fint vêr på denne turen. Å oppleve midnattssola er noko heilt unikt, seier Eik.

Stort engasjement

Han syntest det har vore gøy å sjå det store engasjementet som sommarbåten har skapt på turen ned frå Vadsø.

– Båtar har følgt oss i milevis, og overalt har det stått folk med plakatar og vinka. Det har vore utruleg kjekt at så mange har følgt oss på vegen, seier han.

Til trass for ein minnerik tur, ser Eik no fram til å nyte ferien saman med familien på Sunnmøre.

– Det har vore ein uforgløymeleg tur, men no skal det bli godt å kome heim og slappe litt av, seier han og ler.

– Men eg er kanskje tilbake att neste år, avsluttar han.

Sommerbåten i Ulsteinvik
Foto: Silje Bjerknes / NRK