Hopp til innhold

Egil Olsen laga dokumentar om seg sjølv

To år har ørstingen Egil Olsen brukt på sitt nye album. Undervegs har han filma seg sjølv.

Egil Olsen

Egil Olsen har laga sitt mest personlege og dystre album.

Foto: Gitte Johanessen / NTB

Artisten og låtskrivaren Egil Olsen har fått gode kritikkar for det nye albumet «ooo what happened». Dette er hans tyngste og mest dystre album så langt.

I prosessen med å lage albumet har han filma seg sjølv. No er den 19 minutt lange dokumentaren med video frå bak kulissane klar.

LES OGSÅ:

– Vanlegvis, i slike musikkdokumentarar, er det intervju med produsentar og musikarar som seier slike ting som «Egil Olsen er et geni!» og «ooo what happened» er et meisterverk!». Eg var for det meste, heldigvis og dessverre, aleine i studio, seier Egil Olsen.

Plata hans er så personleg at han trudde ei stund at låtane ikkje eigna seg for publikum.

– Eg trudde på eit tidspunkt at dette berre var ei plate for meg sjølv, men eg har prøvd å vri den slik at den skal ha betydning for andre også. Det ser ut som eg har lukkast med, seier Olsen. Han er nøgd med gode kritikkar og brev frå fansen.