Hopp til innhold

Edel klar for ungdoms-OL

Edel Charlotte Eiken Fosse (15) frå Ulsteinvik skal vere med på europeisk ungdoms-OL i Ungarn i slutten av månaden. No tek turnjenta siste finpuss på heimebane før ho skal vere i Asker ei stund saman med dei to andre norske jentene som er uttekne.

Edel Charlotte Eiken Fosse

Edel Charlotte Eiken Fosse trenar på bommen heime i turnhallen på Myra ved Ulsteinvik. Ho trenar godt over 20 timar kvar einaste veke.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det er ganske kult å få vere med på dette, seier Edel til NRK. Ho satsar på å gjere øvingane sine så tilnærma feilfritt som råd.

Edel Charlotte Eiken Fosse

Edel Charlotte Eiken Fosse er ei jente som brukar mykje fritid på trening og turneringar året rundt.

Foto: Arne Flatin / NRK

Jenta frå Ulsteinvik trenar over 20 timar i veka, gjerne i turnhallen på Myra, eit par kilometer frå Ulsteinvik sentrum. Ho er ei av fire systrer som har brukt mykje tid på turn. Edel er nummer tre i rekka. Storesystrene Marit og Kristina hevda seg også bra, medan veslesyster Pernille gjerne trenar saman med Edel. Ikkje nok med det: mamma Ann- Kristin Eiken er leiar for turngruppa i IL Hødd og pappa Vidar Fosse er trenar.

Over 40 til ungdoms-OL

Til saman har Olympiatoppen teke ut over 40 utøvarar frå Noreg til ungdoms-OL. I denne troppen er det også eit handballag. Der er seks turnarar til saman, tre av desse er altså jenter, og ei kjem frå Ulsteinvik.

Edel har allereie fleire junior-NM-titlar og har delteke i EM. Neste år er ho senior og lysta til å halde fram for fullt er absolutt der.

–Ja, og desse konkurransane her og det at eg kvalifiserer meg til dei, det er veldig god motivasjon for å stå på vidare.

Under ungdoms-OL er målet å kome seg til ein finale. Det skal vere mogleg, men vert tøft.

Pappa, Vidar Fosse, skal også vere med den norske troppen som trenar. Han brukar mykje tid på turn. Han er i vanleg jobb ved sida av, og har i praksis dobbel jobb gjennom turnengasjementet sitt.

Vidar Fosse

Vidar Fosse er pappa og trenar for Edel. Han har tre andre døtrer som også er eller har vore svært aktive i turn.

Foto: Arne Flatin / NRK

Korleis er det så å vere både pappa og trenar?

–Det er krevjande og krev mykje tid, men det er kjekt og det er mi oppgåve å stå på for barna mine så lenge dei ønsker å drive med dette.

Til saman brukar han 700 timar i turnhallen kvart år i tillegg går det med 25 helger kvart år på reise til ulike arrangement og samlingar.

Og Edel synest også det er greitt å ha pappa som trenar.

–Det er i grunnen ganske greitt fordi vi har eit bra forhold til kvarandre og greier å jobbe i lag på ein fin måte.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL