Guten blei lagd inn på St. Olavs Hospital i Trondheim for snart 14 dagar sidan. Han hadde nyresvikt, men er no i ferd med å kvikne til.
Ingen samanheng
Prøvene viser at han er smitta av den same typen E.coli-bakterie som tok livet av eitt barn og gjorde minst 17 andre sjuke frå januar til mars i år. Kommunelege Hans Christian Paulsen i Stranda ser ingen samanheng mellom tilfellet i Stranda og det store utbrotet. Då var det morrpølse som var smittekjelda, men det har ikkje eittåringen ete.
Ei gåte
Det er ikkje funne E.coli-bakteriar i prøvene av vatnet, maten og dyra på garden der eittåringen bur. - For oss er dette ei gåte, seier kommunelege Hans Christian Paulsen. - Vi veit ikkje kvar vi skal leite vidare, så det må Folkehelseinstituttet hjelpe oss med.