Hopp til innhold

Har den beste prisen i landet, men utsiktene er dystre

Sjølv om kraftprodusentane i Møre og Romsdal i dag får høgare prisar enn resten av landet, ser det ikkje lyst ut framover.

Vågen Kraft på Bjørke

Vågen Kraft på Bjørke er eitt av småkraftverka der Trond Ryslett er dagleg leiar.

Foto: Trond Ryslett

Trond Ryslett

Trond Ryslett har vore i småkraftbransjen i mange år. Han seier at dei langsiktige prisane er låge.

Foto: NRK

For berre fem-seks år sidan såg grunneigarar på fossane og elvane sine som flytande gull. Det var stor optimisme og mange ville bygge småkraftverk for å tene pengar attåt gardsdrifta. I dag er tonen ein annan.

Trond Ryslett er småkraftverkeigar i Ørsta og Volda. Han har vore i bransjen i 12 år og driv fem kraftverk.

– Det går bra no, for vi er i den beste prissona i landet, men dei langsiktige prisane er ikkje lystige, seier Ryslett.

LES OGSÅ:

Legg planane på is

Grunnen til at småkraftverka i Møre og Romsdal får betre betalt for straumen, er straummangel i området. Når den nye kraftlina mellom Ørskog-Fardal er på plass, vil prisane også her synke.

– Det betyr at dei som planlegg å bygge ut kraftverk må vere forsiktige med investeringane. Vi ser også at fleire ventar med å bygge ut, seier Ryslett.

Slit økonomisk

Rein Husebø i selskapet Småkraft sa fredag til NRK at mange av dei som har bygd tidlegare, slit økonomisk.

– Det er folk som har bygd småkraftverk med 100.000 kroner i eigenkapital og 50 millionar i gjeld, og det er klart at med den gjelda så går det rett i botn, seier Husebø.

Har trua framleis

Ryslett trur at mange grunneigarar har hatt urealistiske forventningar til inntening. Før finanskrisa var alle optimistiske.

– Det var ikkje berre grunneigarar som hadde store forventningar. Det var heile marknaden som trudde kraftprisene ville vere opp i 50 og 60 øre, seier Ryslett. Sjølv har han fleire utbyggingsplanar og trur det gjeld å ha is i magen.