Hopp til innhold

– Kutta vil gå utover formidlinga

Sunnmøre Museum og Romsdalsmuseet fryktar for formidlingsarbeidet etter at regjeringa i dag la fram sitt framlegg til statsbudsjettet.

Sunnmøre Museum

FORMIDLING: Musea er redd for at kutta til regjeringa vil gå utover formidlingsarbeidet.

Foto: Odd Sørås / NRK

I framlegg til Statsbudsjett er dei såkalla 2014-midla fjerna frå tilskotet til Stiftinga Sunnmøre Museum. I netto utgjer dette eit kutt på 800 000 kroner i det årlege tilskotet frå staten.

Dette er midlar som museet har teke i mot dei to siste åra, og som har vore nytta til å utvikle undervisningsopplegg ulike stader på Sunnmøre. Direktør ved museet Ivar Gunnar Braaten fryktar at nedskjeringa vil ramme formidlingstilbodet ved museet.

– Vi føler at desse kutta går utover det formidlingsarbeidet som vi har prøvd å bygge opp dei to siste åra, noko vi tykkjer er veldig trist, seier Braaten.

Få alt om statsbudsjettet i Møre og Romsdal her.

Svekker formidlingsarbeidet

Braaten seier at 2014-midla har gjort det mogleg for museet å utvikle eit nasjonalt formidlingsopplegg i heile regionen. Blant anna har dei brukt midlane til å sette fokus på farleia og kysten si rolle i nasjonsbygginga.

Sunnmøre Museum

FORMIDLING: Sunnmøre Museum legg mykje arbeid inn i undervisning og formidlingsarbeid.

Foto: Sunnmøre Museum

Blant anna har dei oppretta eit skuleopplegg langs Flåværleia og eit tilsvarande undervisningsopplegg knytt til fjellgarden Ytste Skotet i Storfjorden og til mellomaldermuseet i Borgundgavlen. Desse står også i fare for å bli råka meiner Braaten.

– Sjølv om vi framleis vil kunne drifte dei same museumseiningane som i dag, er det trist for dei skuleelevane som med dette mister høvet til å oppdage og utforske si eiga, nære historie, seier Braaten.

No håpar han at politikarane vil sjå verdien av det formidlingsarbeidet som musea i fylket held på med.

– Dette arbeidet er svært ressurskrevjande og vi er nøydd til å ha midlar for å kunne halde fram med dette arbeidet på ein god måte, seier Braaten.

Redusert satsing

Også ved Romsdalsmuseet er dei uroa over at framlegget til regjeringa vil gå utover formidlingsarbeidet. Jarle Sanden, museumsdirektør ved Romsdalsmuseet. Museet hadde blant anna søkt midlar til ei øyremerka stilling som fylkeskommunen og kommunen tidlegare har løyvd pengar til. Dette fekk dei ikkje.

Jarle Sanden

REISELIV: Jarle Sanden tykkjer det er synd at dei ikkje fekk midla dei hadde søkt etter.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Midlane skulle gå til ei stilling ved Bud museum. Vi er avhengig av å opprette ei 100 % stilling der for å kunne styrke drifta, seier Sanden.

Satsinga på Bud museum har vore tett knytt opp mot formidling til skular og lokalsamfunnet, i tillegg til reise- og næringslivet.

Sanden tykkjer det er skuffande at kutta kan gå utover tilbodet til museet.

– Vi har prøvd å skape eit inntektsgivande senter med eit næringsperspektiv slik som regjeringa tidlegare har sagt at dei ynskjer. Då er det skuffande at vi ikkje har nådd fram, seier Sanden.