Det kan bli ei dyster framtid for cruisetrafikken. Det sa forskaren Jan Dietz på miljøkonferansen «Grønn Fjord 2020» i Geiranger – ein konferanse som samlar 160 forskarar, representantar frå næringslivet og andre miljøengasjerte deltakarar frå inn- og utland.
Ved å stramme inn klimapolitikken og få høge kostnadar kan cruisetrafikken forsvinne innan 2030, spår Dietz Foresight. Reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Geir Steinar Vik, deler ikkje spådommen til analyseselskapet.
– Viss det offentlege legg inn veldig strenge reguleringar så kan dette skje. Men det er spekuleringar. Eg har heller tru på reguleringar av trafikken slik som det er gjort i Alaska.
Kan redusere talet på skip
Vik trur at å regulere talet på skip som slepp inn i fjorden kan vere eit alternativ. Det har vore gjort i Glacier Bay nasjonalpark som ligg i det søraustlege Alaska.
– Det er retninga for oss både når det gjeld langs kysten og i fjordane.
Under konferansen vart sporlaus ferdsel også diskutert. Miljøønsket er at skip skal kunne gå i fjordane utan at dei legg igjen store mengder eksos og andre utslipp.
- Les også:
– Det er ingen tvil om at vi har store utfordringar. Det er viktig å begynne arbeidet rundt dette, og snakke meir om miljøproblema som cruisetrafikken fører med seg.
– For at ein skal få ei betre ordning er ein helt avhengig av offentlege krav og reguleringar. Slik at vi i ulike destinasjonar kan samarbeide med staten om sporlaus ferdsel.