Dyrka narko på hybelen

Ein mann i 30-åra frå Sunnmøre er dømt til samfunnsstraff i 120 dagar for å ha dyrka cannabis på hybelen. Ifylgje dommen hadde han 33 plantar, som kunne ha gitt nesten ein kilo marihuana. Mannen bestilte også cannabisfrø på nett, men brevsendinga vart stansa i tollkontroll.