Hopp til innhold

Dyret var nok ikkje SÅ eksotisk

Fleire jegerar var nesten sikre på at dei hadde fått besøk av ein eksotisk og uønskt gjest. Men nei, ekspertane slår fast at slik var det ikkje.

Mårhund?

Neidå, dette var nok ikkje nokon mårhund. Det var ein mår, eit forholdsvis vanleg dyr på Sunnmøre.

Foto: Viltkamera

Dersom dette var ein mårhund, ville det truleg vere ein av dei første gangane dyret var observert i Møre og. Arten blei første gang observert i Noreg i Kirkenes i 1983. Og dyret høyrer ikkje heime i norsk natur, og naturforvaltarane arbeider for å halde dyret vekke.

– Dette er mår

No har Statens Naturoppsyn studert bileta av dyret. Og dei slår fast at det slett ikkje er snakk om mårhund likevel.

Mårhund

Slik ser mårhunden ut. Han høyrer ikkje heime i norsk natur.

– Nei, dette er ikkje nokon mårhund. Dette er rett og slett ein mår, seier Lars Olav Lund i Statens Naturoppsyn.

Ville jakte

Det var Tormod Thomsen som fanga den sjeldne gjesten på viltkameraet sitt. Både han og fleire jegerkollegaer studerte bileta. På Bjørke, der dyret blei observert, byrja folk å planlegge jakt.

– Vi kan tenkje oss å organisere jakt på dyret. Dersom dette er mårhund må dyret fjernast, sa jegerleiar Jan Arne Bjørke til NRK.

– Ser til og med strupeflekken

Bileta avslører imidlertid at det denne gongen berre var snakk om ein mår.

Vi har studert fleire bilete av dyret. Det er totalinntrykket som gjer at vi er sikre på at det er ein mår. Dei parvise spora i snøen tyder på mår, kroppsfasongen byggjer opp om det same. På nokre bilete kan vi også sjå strupeflekken som er karakteristisk for mår, seier Lund.

Etter at NRK skreiv om «mårhunden på Bjørke» sist veke, har vi blitt kontakta av fleire som var skeptiske til denne historia. Ein av dei er Lars Gjersdal i Dalsfjorden. Han er fangstmann, og har jakta på mår og rev i mange år. Han stussa då han høyrte om dyret.

– Eg er 110 prosent sikker på at det ikkje er mårhund. Då må den gå over Strynefjellet eller symje, seier Gjersdal.

Lang vandring for mårhunden

Mårhunden kjem opphavleg frå det austlege Asia, men er blitt importert til Aust-Sibir. Tidleg i førre århundre spreidde han seg til det vestlege Russland og Ukraina. Seinare har arten spreidd seg til store deler av Europa.

– Vi vonar framleis folk vil halde eit auge med om vi får inn denne arten. Vi ønskjer ikkje å ha han i naturen vår. Vi vil gjerne ha meldingar. Blir det stadfesta at det verkeleg er mårhund, vil det bli sett i gang jakt., seier Olav Lund til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no