- På garden er det funne fleire døde dyr og drifta ber preg av manglande stell.
Det seier distriktsleiar for Mattilsynet for Søre Sunnmøre, Anne Stine Foldal.
Også tidlegare har bonden fått påtale frå dyrevernsnemda, men så langt har bonden ikkje mista retten til å drive med husdyr, trass i at saka har vore prøvd for retten.
No skal dyrevernsnemda for Søre Sunnmøre behandle saka og Mattilsynet skal følge opp øvrige regelbrot som manglande vaksinering og merking av dyra.
Foldal håpar dette arbeidet kan starte med det same.