Kystvakta kontrollerer hummerteiner i Heissafjorden i Ålesund. Foto Alf-Jørgen Tyssing.
Langs heile kysten tyder anonyme blåser i sjøen på at det ulovlege fisket etter hummer og krabbe er i full gang. Det tok ikkje mannskapet på Kystvaktskipet Titran lang tid å finne ulovlege teiner ved Ålesund i dag.
Beslag
Kontrollen i dag gjekk føre seg i Heissafjorden ved Ålesund. I løpet av nokre få formiddagstimar blei det beslaglagt 20 teiner.
Bøter
Dei fleste teinene blei tekne fordi dei ikkje var merka, og nokre blei tekne fordi dei sto på grunt vatn. I formiddag var det uklart kor mange hummerar som blei redda. Men ulovleg fangst av ein einaste hummar er nok til ei bot på 5000 kroner.
Kystvakta deltok i kontrollen i dag. Foto:Alf-Jørgen Tyssing.
Etterforsking
Det er Fiskeridirektoratet som har bede om at det blir sett i verk kontrollar, og det Kystvakta som utfører dei. Beslaga blir no overleverte til politiet, som får arbeidet med å finne ut om det er mogleg å sette klørne i dei som står bak det ulovlege fisket.