Brot i forhandlingane
Det er brot i forhandlingane mellom vetrinærforeninga og Landbruksdepartementet om vaktordninga til veterinærane. Grunnen er at Den Norske Veterinærforening og Landbruksdepartementet ikkje blir einige om ny vaktordning.
Oddvar Tynes (Foto: NRK)
Veterinærforeininga meiner lønstilbodet frå departementet var for lågt.
Fryktar nødslakting
Nestleiar i Bondelaget i fylket, Oddvar Tynes, meiner situasjonen er heilt uhaldbar og fryktar at bønder må til å nødslakte når dei ikkje får veterinærhjelp.
– Ingen plikter
Leiar i Møre og Romsdal Vetrinærforening, Anne Stine Foldal, seier dei ikkje er forplikta til noko som helst over nyttår.
Anne Stine Foldal (Foto: Mattilsynet)
Etter nyttår har dermed veterinærane ikkje plikt til å ha mobiltelefonen på eller i det heile tatt svare på telefonen. Dei treng ikkje vere tilgjengelege på noko vis.
– Dei kan gå på fjellet, reise på sjøen, gå på tur slik andre folk kan gjere, og ein kan ha meir eller mindre godt samvit, seier Foldal.
– Staten har ansvaret
Vetrinærforeninga har sagt stopp fordi dei meiner lønnstilbodet frå departementet var for lavt. Foldal meiner staten sit med nøkkelen til løysing.
– Det er staten som har eit ansvar for å sørge for tilfredsstillande veterinær beredskap. det er ikkje Veterinærforeninga som har det ansvaret og ikkje den enkelte veterinær, seier Foldal.
Oddvar Tynes i Bondelaget meiner at partane må kome fram til ei løysing, alt anna er uansvarleg.