Dyktige brannfolk og flaks hindra storbrann

Dyktige brannfolk og ein god porsjon flaks hindra at grasbrannen i Haram i går ettermiddag utvikla seg til ein storbrann, meiner brannsjef Stig Fjørtoft.

Brannsjef i Haram Stig Fjørtoft

På brannstasjonen i Brattvåg heng alle klede og utstyr klare viss det skulle bli utrykking. Brannsjef Stig Fjørtoft meiner likevel at lokale brannvern kan verte for små viss det blir storbrann.

Foto: Sissel Brunstad / NRK
Brannsjef i Haram Stig Fjørtoft

Brannsjef Stig Fjørtoft seier at det første du bør gjere ved brann er å varsle brannvesenet. Det er mest effektivt.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Om lag 90 dekar utmark svei av i brannen på Skår i Haram. Brannsjefen i Haram trur at dyktige brannfolk og rett vindretning hindra storbrann.

– Med tanke på dei tørre forholda vi har i terrenget no, med spesielt mykje vind, så er vi veldig glade for at dette gjekk så bra. Med tørt underlag og sterk vind er det vanskeleg å få kontroll på ein slik brann.

Vinden stod mot sjøen, og det hindra brannen i å spreie seg vidare til fjellsida og andre område.

Avhengig av flaks

Brannsjefen seier at ein er avhengig av litt flaks under slike forhold. Utfordringane for eit lokalt brannvesen er å vere raske nok ute.

– I vinterhalvåret er det og vanskeleg å finne sløkkevatn. Om sommaren kan ein utnytte små bekkar og tjern, men no er det ofte frose. Difor kan vi vere avhengige av helikopterhjelp viss det er så langt ute i terrenget at vasslangane våre ikkje rekk langt nok.

Fjørtoft seier at han har opplevd grasbrannar på vinterstid tidlegare, men ikkje slik som no. Han trur at dei lokale brannverna kan bli for små viss det blir storbrann.

Totalforbod mot båltenning

Haram og fleire kommunar i fylket har innført totalforbod mot å gjere opp eld ute.

– Viss vi får hjelp av naboar, bønder og frivillige med godt utstyr og i tillegg helikopter så kan vi klare mykje. Men likevel har vi andre stader i Noreg sett at det ikkje nødvendigvis går bra likevel, seier Fjørtoft.

– Det er veldig skummelt når det er så tørt i terrenget som no.

Dette skal du gjere ved brann

– Kva skal vi som privatpersonar gjere viss vi ser at det bryt ut brann i terrenget?

– Det første du bør gjere er å varsle brann til 110.

Brannsjefen vil at folk varslar ein gong for mykje enn ein gong for lite viss dei oppdagar grasbrannar. Han fortel at mange sløkker så godt dei kan før dei ringer brannvesenet. Då kan brannen verte stor i mellomtida.

– Etter at ein har ringt etter hjelp kan ein prøve å sløkkje ved å slå greiner på flammane.

Haram Brannvern

På brannstasjonen i Brattvåg har dei to brannbilar. Her er pumpesystemet på den eine bilen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.