Til Haukeland etter dykkeulykke

Ein mann er sendt til Haukeland universitetssjukehus etter ei dykkeulykke ved Gursken på Sunnmøre søndag ettermiddag. Skadeomfang er så langt ukjent.

Dykkeulykka skal ha skjedd ved Gursken på Sunnmøre søndag ettermiddag.

Det var i 13.20-tida søndag ettermiddag at ein dykkar skal ha følt seg uvel etter eit fritidsdykk ved Gursken i Sande kommune på Sunnmøre. Han og ein annan mann hadde vore ute og dykka i området.

Den eine dykkaren blei frakta til Volda sjukehus for sjekk, medan den andre blei sendt til Haukeland universitetssjukehus i Bergen med luftambulanse. Mannen som blei frakta til Volda skal ifølge politiet vere lettare skadd eller uskadd.

– Skadeomfang er så langt ukjent for mannen som blei frakta til Haukeland, seier Borge Amdam, operasjonsleiar i politiet.

Dei pårørande er blitt informert.

Etterforskar saka

Operasjonsleder Borge Amdam

Borge Amdam, operasjonsleiar i politiet, seier dei vil etterforske saka (Arkivfoto).

Foto: Politiet

Politiet har søndag gjort undersøkingar på staden og avhøyrt vitne til hendinga. Det skal ifølge politiet ha vore andre personar saman med dykkarane, men desse skal ha vore i ein båt.

– Det er så langt uklart kva som har skjedd. Vi vil etterforske saka for å prøve og finne ut kva som er årsaka til ulykka. Det gjer vi gjennom vitneavhøyr og ved å undersøke det utstyret som dei brukte, seier Amdam.