Hopp til innhold

Bli med under havet ved Grandfjæra

Dykkarar og forskarar frå NTNU Vitenskapsmuseet avslutta i dag dykking etter arkeologiske kulturminne i Grandfjæra aust for ferjeleiet i Molde sentrum.

Etter at reguleringsplanen er vedtatt har det siste dagene vært dykking i sjøen utafor Grand Fiære ved forskere og dykkere fra NTNU Vitenskapsmuseet.

LEITAR: Dykkar Staale Norman er på kulturminnejakt under sjøen ved Grandfjæra i Molde. Foto: Fredrik Skoglund/NTNU

Her skal det omstridde bustadprosjektet Grand Fiære, med fleire hundre leilegheiter i blokker byggast - dels ute i sjøen.

Les også:

Grand Fiære-prosjektet slik utbygger presenterer det

Historisk grunn

I åtte dagar har dei dykka på rundt 15 meters djup i sjøen utanfor Grandfjæra. Snart blir det fylt ut 50 meter utover og ein ny bydel vil dukke opp i Molde - prosjektet Grand Fiære.

Før utbygginga av den nye bydelen kan starte, må sjøbotnen undersøkast for å sjå at det ikkje kjem i konflikt med kulturminne.

Det skal bygges på historisk grunn.

– Dette er kanskje staden der Molde vart til, fortel forskar David Berg Tuddenham frå NTNU Vitenskapsmuseet.

Dykkarar og forskarar frå NTNU Vitskapsmusset avsluttar i dag dykking etter arkeologiske kulturminne i grandfjæra aust for ferjeleiet i Molde sentrum.
Her skal det omstridte bustadprosjektet Grand Fiære, med fleire hundre husvære i fleire blokker byggast - dels ute i sjøen.

Sjå intervju med forskar David Berg Tuddenham her.

Flintstein

Forskaren fortel om haugar av flintstein dei har funne - ballastmasse som kanskje stammar frå hollandske sip som henta tømmer der.

– På slutten av 1500-talet kom dei første tømmerhandlarane inn til Molde fjære, og det er den delen vi undersøker no.

Bygginga i Grand Fiære skal starte i løpet av 2013 - men før utbyggarane kan gå vidare må dei ha klarsignalet frå arkeologane.

– Eg trur ikkje det ligg skip i området, det trur eg vi har avklart. Men vi er rimeleg trygg på at vi har fått eit representativt utval av det som ligg der, seier forskar David Berg Tuddenham til NRK.

Grand Fiære - boligprosjektet i Grandfjæra

Grand Fiære - fleire av bustadene blir på fylling ut i sjøen.

Foto: Illustrasjon: Korn Reklamebyrå