Hopp til innhold

Dugnad for å redde kamp

Ihuga MFK-fans stilte søndag opp med snøskuffer og spadar for å rydde snø. Men nye snøbyer truar i vest.

Dugnadsfolk ryddar snø
Foto: Helge Mjelve

Dugnad mot snøen

Tette snøbyer trugar søndag ettermiddag med å øydeleggje kampen mellom Molde og Rosenborg. MFK-leiinga gjekk difor søndag ut med oppmoding til alle tilhengjarar om å kome til fotballbana for å rydde snø.

- Eg håper at veret ikkje blir verre, sa Aadne Orvik mellom dugnadsøktene. For natt til søndag lava det ned og la seg eit tjukt, kvitt teppe over heile fotballstadionet.

Tett med snø

Det har snødd tett i Molde både laurdag og søndag. Ifølgje direktør Tarje Nordstrand Jacobsen kom det rundt 15 centimeter laurdag og 20 centimeter i løpet av natt til søndag.

Banemeister Øyvind Kormeseth

Banemeister Øyvind Kormeseth.

Foto: Helge Mjelve

- Dersom det ikkje kjem meir snø utover dagen er dette heilt problemfritt, proklamerte banemeister Øyvind Kormseth tidleg på ettermiddagen søndag. Då hadde undervarmen smelta vekk snøen på grasmatta, og dugnadsfolk var i gang med å rydde tribunene for snø.

- Meir snø i vente

Men meir snø blei det. Og meir er i vente. Ifølgje vakthavande meteorolog Merete Øiestad ved Vervarslinga for Vestlandet står byene i kø i vest.

- Det er større sjanse for at det kjem snøbyer under kampen, enn at det ikkje gjer. Då blir det nok litt sleipt på bana, seier ho. Men søndag ettermiddag annonserer klubbleiinga at det blir kamp. Også i nabobyen Ålesund held klubbleiinga fast på at seriestarten går sin gang.

- Vi har traktorar i beredskap. I verste fall må vi stoppe kampen og rydde bana for snø, seier dagleg leiar Henrik Hoff.