Hopp til innhold

Denne påska kan du få DNT-hytter for deg sjølv

I over 150 år har Den Norske Turistforening sagt at det er plass til alle, alltid. Slik er det ikkje i påska 2021.

Venjedalsbu

GJER KLART: Arnstein Salthammer Eide i DNT Romsdal seier at det berre er enkeltpersonar og familiar som får bu på turistforeiningshyttene i påska.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ingen ting er som normalt i fjellheimen.

Turistforeiningshyttene står der som før, men alt er snudd på hovudet under koronapandemien.

Likar du å gå frå hytte til hytte i påska? Gløym det. Det kan du ikkje i år.

I staden kan du booke ei hytte som du har heilt for deg sjølv.

DNT

HYTTESPRIT: Smitteverntiltaka møter deg allereie i innsjekkinga på Venjedalsbu i Romsdalen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Arnstein Salthammer Eide (34) måkar vekk snøen, og gjer alt klart på Venjedalsbu. Turistforeiningshytta ligg like ved startpunktet for turen over den landskjende Romsdalseggen.

– Her kan du overnatte åleine, eller ta med deg familien. Det er sengeplass til 12 personar, men denne påska er prisen den same om du er éin eller tolv.

Eksklusiv hytteleige

DNT

UVANT: For Bente Elisabeth Disen blir det ikkje den vanlege påskaopplevinga. Det er ikkje mogleg å gå frå hytte til hytte.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Medlemmene i DNT Romsdal er hytteeigarar med tilgang til tretten hytter. I heile landet er det meir enn 550 hytter.

– Eg har hatt mange gode opplevingar her. Eg har gått mykje frå hytte til hytte, og det er veldig sosialt.

Bente Elisabeth Disen er frivillig medarbeidar i turistforeininga, og viser oss rundt på hytta. No må ho berre innsjå at påska i år blir litt annleis enn vanleg.

Vil ikkje skape unødvendig press på beredskapen

Dag Terje Klarp Solvang

ANNLEIS PÅSKE: Generalsekretær i DNT Dag Terje Klarp Solvang seier dei har gode rutinar.

Foto: Rune N. Andreassen / NRK

Generalsekretæren i Den Norske Turistforening, Dag Terje Klarp Solvang, seier det er viktig for dei å ikkje skape unødvendig press på beredskapen i fjellet.

– Vi har gode rutinar for å stoppe og handtere smitte, og vi samarbeider godt med lokale smittestyresmakter, seier Solvang.

– Luksusoppleving i utfordrande tider

I over 150 år har Den Norske Turistforening sagt at det er plass til alle, alltid. Slik er det ikkje i år.

På Venjedalsbu prøver Arnstein Salthammer Eide å vinkle det positivt.

– Det er denne påska folk kan nyte den luksusen det er å ha hytta heilt for seg sjølv.

Men bak ligg sjølvsagt den alvorlege smittesituasjonen, der også skituristane må opptre klokt med tanke på avstand og hygiene.

Turistforeininga vil for all del unngå at fleire grupper møter kvarandre i påska midt i ein pandemi.

Storlihytta

IDYLL: Det kan bli flotte naturopplevingar i påska, sjølv om alt ikkje er som normalt. Dette bildet er frå Storlihytta i Molde.

Foto: Rasmus Rasmussen