NRK Meny
Normal

Drukningsulykke på Hareid

Ein mann i 60-åra fall i sjøen ved småbåthamna like ved ferjekaia på Hareid på Sunnmøre. Mannen vart erklært død av helsepersonell.

Mann i sjøen ved Hareid fergekai

Alle naudetane rykte ut etter melding om at ein person i sjøen.

Foto: Svein Smørdal

Det var klokka 15.15 at naudetatane fekk melding om at ein mann låg i sjøen.

– Vi har ikkje klarheit i kva som har skjedd, men har ei viss formeining. Han har ramla på sjøen frå kaia, seier operasjonsleiar ved Møre og Romsdal politidistrikt, John Kåre Flo.

Mannen vart henta opp og erklært død på staden av helsepersonell.

Politiet pratar med folk på kaia som kan ha gjort observasjonar. Dei undersøker også overvakingskamera for å finne ut kva som skjedde.

– Så langt er det ingenting som tyder på at det er noko anna enn eit uhell, seier Flo.