Hopp til innhold

Drøymer om Tour de France

Han er 21 år og har trent hardt på sykkelen i seks år allereie. Martin Notøy Nevstad frå Ulsteinvik har ein draum om å køyre dei store ritta ein gong i framtida, som Tour de France.

Reportasje om den talentfulle syklisten Martin Notøy Nevstad frå Ulsteinvik.

Martin Notøy Nevstad drøymer om Tour de France og andre store ritt. Her er han saman med sin beste støttespelar, pappa Astor Notøy. Foto/redigering: ARNE FLATIN.

Martin Notøy Nevstad

Martin Notøy Nevstad (21)

Foto: Arne Flatin / NRK
Martin Notøy Nevstad under Ulsteinrittet 2014.

Martin Notøy Nevstad i blå drakt under Ulsteinrittet i helga.

Foto: Arne Flatin / NRK

Som ungdom var han fotballspelar i Hødd, som dei fleste andre i venneflokken, men på eit tidspunkt vart fotballen ikkje spennande nok og sykkelen vart hans beste venn.

Støttespelar

Han beste støttespelar er pappa Astor Notøy, som er alt muleg mann og manager for Martin. Astor sjølv reknar med at han får vere med på laget 2-3 år til.

- Målet til Martin må vere å kome på eit kontinentallag på sikt, og verte proff. Då er det ikkje rom for meg lenger, seier han.

Martin har tidlegare sykla for Nesset, men representerer no Trondheim (T.V.K). Men han gløymer ikkje heimklubben Ulstein, som i helga arrangerte Ulsteinrittet med 170 deltakarar.

Martin vann rittet ifjor, men tapte på målstreken denne gongen for spanjoen, Xabier Zabalo, som representerer Ålesund.

- Det var surt å tape, men det var fire mot ein ettersom fire syklistar frå Ålesund samarbeidde for å tøme meg for krefter fram mot innspurten. Dette viser at sykling også er ein lagidrett sjølv om det berre er ein av dei fire som står att som vinnar etterpå.

Tour de France ?

- Målet mitt er å sykle dei store ritta. Kanskje Tour de France, men det finst mange andre store ritt også. Det er mykje som må klaffe om ein skal få sjansen til noko slikt i framtida, seier han.

Martin Notøy Nevstad reknar seg ikkje som proff, sjølv om han trenar mykje.

- Nei, proff er eg ikkje. Eg arbeider ved sida av, men det meste av tida går med til trening og jobb vedgår han.

Utover i sesongen vert det nok av ritt å delta i for unge Notøy Nevstad.

- Norgescupritt og NM vert det viktigasten framover, seier han.

Neste Norgescup er i Trondheim komande helg, 24-25.mai. NM i år er på Eidsvold, den 22-29.juni.