Hopp til innhold

Drøymer om ishall

Skeisseklubben Verparen på Hareid ønskjer å bygge ishall for heile regionen. Isperiodane i slutten og byrjinga av dette året har inspirert til å starte planlegginga.

Video Drøymer om ishall

Entusiastane i klubben vil ha ein hall i Hareidsmyrane, like ved kunstgrasbana til idrettslaget.

Jon-Åge Gjerde

Jon-Åge Gjerde i fint driv på isen

Foto: Arne Flatin / NRK

- Planlegginga er på ei tidleg stadium, men vi må begynne ein stad, seier Jon-Åge Gjerde i skeisegruppa Verparen i Hareid idrettslag. Han meiner det er realisme i planane.

- Det er viktig å ha mange gode tilbod i området og at folk som flyttar hit blir verande.

I ventetida på ishall skjer aktiviteten på Grimstadvatnet som har hatt god og trygg is i mange dagar no.

Jon-Åge Gjerde synest det er kjekkast å gå på vatnet, men det er trass alt berre få dagar i året at det er gode forhold for å gå på skeisser der.

Men i desse dagar er det godt sal av skeisser i sportsbuttikken.

Erling Hareide

Erling Hareide

Foto: Arne Flatin / NRK

- Det hadde vore heilt fantastisk for Hareid om vi kunne få ein ishall på Hareid, meiner Erling Hareide som er dagleg leiar i Sportssenteret.

- Då hadde vi fått folk frå heile Sunnmøre til Hareid og det hadde vore utruleg bra.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL