Hopp til innhold

Drøymer enno om eliteserien

Trass i at Volda sine handballdamer kjempar for å berge plassen i 1.divisjon er det framleis rom for draumen om eliteseriespel, ikkje no, men ein gong i framtida.

Leiaren for Volda handball drøymer framleis om eliteserie på sikt, men akkurat i år har klubben meir enn nok med å berge plassen i 1.divisjon.

Leiar for klubben, Arild Bakke, er alltid like entusiastisk på vegner av handballdamene. Han er optimist med tanke på å berge plassen i 1.divisjon sjølv om Volda ligg under nedrykksstreken med berre 10 poeng så langt i sesongen. Men vegen opp til midtsjiktet er kort i den rekordjamne divisjonen.

Volda-damene har styrkt spelarstallen

Volda har styrkt spelarstallen og henta inn tre nye til gruppa.

Foto: Arne Flatin / NRK

Denne helga tapte Volda 25-21 heime for eitt av dei to topplaga i divisjonen, Skrim frå Kongsberg. Eit lag som truleg spelar nettopp i Eliteserien neste sesong.

Volda har i fleire sesongar satsa millionbeløp på å etablere eit topplag i handball på kvinnesida. Sist sesong rykte laget endeleg opp frå 2.divisjon, og den første sesongen i divisjonen over har vist seg å vere minst like tøff som rekna med.

Satsar vidare

Men klubben satsar vidare, og henta inn tre nye spelarar nyleg, som alle kan forsterke gruppa. Dermed vert det meir konkurranse om plassen på laget, betre kvalitet på treningane og kanskje er det akkurat dette som gjer at laget kan bikke jamne kampar i sin favør utover vinteren og våren.

Volda-trenar, Kristinn Gudmundsson

Volda-trenar Kristinn Gudmundsson er optimist.

Foto: Arne Flatin / NRK

Både spelarar og trenar Kristinn Gudmundsson er optimistar med tanke på å berge plassen i 1.divisjon. Til NRK seier dei at poeng i dobbeltkampen i Oslo mot Njård og Rælingen bør og må sikrast.

Neste heimekamp for Volda er mot Gjøvik søndag 9.februar.