Hopp til innhold

Drosjesjåførar køyrer milevis utan passasjerar for å få meir betaling

Mange drosjesjåførar hevdar at det er meir lønsamt å køyre med tomme bilar, enn å ta ein ny tur. Grunnen er den nye avtalen for pasientransport i Helse Midt-Norge.

Drosje køyrer på ein veg i bygda

Drosjene på bygda har lite kundegrunnlag og er avhengige av pasienttransport. Fleire drosjesjåførar er misnøgde med den nye avtalen med Helse Midt-Norge.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes

Drosjesjåfør Ingrid Orhrvik har køyrt ein passasjer til Molde sjukehus og skal tilbake til heimkommunen Averøy, med sine 5865 innbyggjarar. Å vere drosjesjåfør på bygda er ein kamp for tilværet. Utan pasientreiser, kunne ikkje Ohrvik levd av drosjejobben. 90 prosent av turane hennar er passasjerar som skal fraktast til lege, fysioterapeut eller sjukehus. Dei siste to månadane har ho køyrt tom bil halvparten av tida, for å få full betaling for turane.

– Slik dei nye kontraktane er, må vi køyre tilbake til startstaden for å få fullt betalt, seier Ingrid Ohrvik.

Fekk betalt begge vegar

1. august gjekk drosjene inn ein ny avtale med Helse Midt-Norge om pasienttransport og då vart takstsystemet endra. Før fekk drosjesjåførane betalt både tur/retur på pasientoppdrag, sjølv om dei ikkje køyrde returen, men tok eit anna drosjeoppdrag. Med den nye kontrakten får sjåførane ikkje betalt begge vegar før dei fysisk har returnert til haldeplassen og dermed fullført oppdraget.

For å unngå å tape pengar, køyrer drosjesjåførane dermed tomme bilar.

– Det er synd. Eg når ikkje å utføre ein brøkdel av turane eg gjorde før. Omsetjinga vert lågare og utgiftene vert høgare, seier Ohrvik.

Ingrid Ohrvik i Averøy taxi

Ingrid Ohrvik i Averøy taxi trur at halvparten av turane ho køyrer på ein dag er utan passasjer.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Må gi og ta

Knut Magne Jektvik opplever at piratdrosjer blir frekkere og fekkere

Knut Magne Jektvik i Nordvest Taxi seier at dei vann eit anbod og at kontrakten ikkje kan endrast på.

Foto: Anne Mari Flatset

Det er Nordvest taxi som har inngått avtale med helseføretaket på vegner av dei fleste drosjene i Møre og Romsdal. Knut Magne Jektvik seier at eit anbod handlar om å gi og ta.

– Det er klart at enkelte ynskjer at dei skulle fått betalt for returen utan å køyre retur, men sånn er kontrakten og då blir det slik, seier Jektvik. NRK kjenner til at styret i Møre og Romsdal Taxi har sendt ut e-post til alle løyvehavarane der dei ber alle om å rette seg etter kontrakten dei har signert på og åtvarar om at brot på dette, kan føre til konsekvensar.

Fagdirektør, Henrik Sandbu, i Helse Midt-Norge seier at det ikkje er aktuelt å vurdere endringar i avtalen. Han presiserer at helseføretaket betalar for faktisk køyrt distanse, avtalt venting og retur.

Åtvara mot konsekvensane

NRK har vore i kontakt med ei rekkje drosjesjåførar i distrikta i Møre og Romsdal og Trøndelag. Alle stadfestar at det vert meir tomkøyring enn før, for å oppnå same inntekt. Fleire er redde for å snakke, fordi dei fryktar å verte straffa ved å ikkje få oppdrag.

Stig Ove Rosvoll i Halsa Taxi er talsmann for om lag 15 løyvehavarar, som meiner ordninga bør endrast slik at dei får betalt for tur/retur, slik som før. Rosvoll seier det er stor forskjell på å drive drosje på bygda samanlikna med i byen. Kundegrunnlaget er lite og drosjene er heilt avhengige av pasientreisene.

– Alle hadde vore tent med at turen vart avslutta når pasienten går ut av bilen. Det hadde spart miljøet og driftskostnadene, seier Rosvoll.

– De kan jo velje å ikkje køyre returen og ta eit nytt oppdrag i staden?

– Det kan vi, men vi vil få ein kraftig nedgang i omsetjinga. Då er det ikkje leveleg for drosjene i distrikta, seier Rosvoll.

Han understrekar at avtalen ikkje gir like store konsekvensar for alle drosjer.

Fryktar for framtida

Ingrid Ohrvik har hatt eige drosjeløyve i fem år, men fryktar for framtida som drosjesjåfør.

– Eg er kjempeglad i jobben min og har lyst å fortsette, men vi må ha nok pengar å leve av, seier Ohrvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL