Hopp til innhold

Nybakt pappa roser drosjesjåfør: – Slår ihel myten om gjerrige sunnmøringar

Då den 11 veker gamle babyen sette i å gråte, viste drosjesjåføren frå Ålesund seg som ein reddande engel.

Eirik Faret Sakariassen

Pappa Eirik Faret Sakariassen med den vesle babyen. Han er strålande fornøgd med hjelpa dei fekk frå drosjesjåføren.

Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal / NRK

– Denne historia slår verkeleg ihel myten om gjerrige møringar. For ein bra fyr denne drosjesjåføren er, seier pappa Eirik Faret Sakariassen.

Denne veka er han, sambuaren og babyen på tur til Ålesund. Og møtet med drosjesjåføren på Vigra fekk pappa Eirik til å ta fram superlativa på Twitter.

Screenshot frå Twitter
Foto: Twitter

– Ørten bagasje

Det er jo slik at ein må ha med ein del bagasje når ein er på langtur med ein 11 veker ung baby. Ikkje berre klede og bleier. Ei barnevogn i spesialbagasje høyrer med. Og det kan nok bli litt stress med bagasje inn og bagasje ut.

Den vesle familien valde å ta drosje frå flyplassen på Vigra og inn til bysentrum i Ålesund.

– Då begynte vår 11 veker unge baby med den voldsomste skriketokten nokon gong. Det var skikkeleg hulkegråt.

Pappa Eirik Faret Sakariassen og mamma Ingeborg Bjorland Hansen var ikkje i tvil:

Drosjen måtte stoppe og den vesle måtte få sleppe ut av barnesetet, kome opp i mor sitt fang og få mat.

Pappa Eirik Faret Sakariassen og mamma Ingeborg Bjorland Hansen

Pappa Eirik Faret Sakariassen og mamma Ingeborg Bjorland Hansen er framme i Ålesund sentrum og strålande fornøgde med servicen frå drosjesjåføren.

Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal / NRK

– Stoppa taksameteret

Det er her situasjonen dukkar opp: Om hjula på drosjen står stille vil som regel taksameteret tikke og gå.

Men nei. Ikkje denne gongen. Og ikkje på Sunnmøre der myten skulle tilseie at griskheit og pengebegjær rår.

– Nei, tvert om. Drosjesjåføren kunne fortelje at han hadde både barn og barnebarn, så han skjønte kva dette handla om. Han stoppa bilen og sa at det kom ikkje på tale anna enn at han også stoppa taksameteret, seier pappa Eirik Sakariassen.

– Artig

Drosjesjåfør Carl Fredrik Vadseth hugsar godt episoden med den vesle familien. Ikkje minst hugsar han den vesle babyen som markerte seg sterkt under drosjeturen.

– Den vesle baby-jenta var tydeleg og klar og vi måtte berre gjere det beste ut av det, smiler den erfarne drosjesjåføren.

Ja, éin ting er at du stoppa drosja. Men eigentleg trengde du ikkje å stoppe taksameteret også?

– Nei, men eg tenkjer eg må kunne gjere det slik når det skjer noko såpass ekstraordinært. Då er det ikkje kronene som tel.

No har dette blitt ei god historie også for drosjesjåføren.

– Ja, det er veldig hyggeleg å få gode tilbakemeldingar, til og med på ein plass som Twitter.

Drosjesjåfør Carl Fredrik Vadseth

– I spesielle situasjonar er det ikkje berre pengane som tel, seier drosjesjåfør Carl Fredrik Vadseth.

Foto: Terje Reite / NRK

– Raust

Familien er tydelege på at drosjesjåføren strekte seg lenger enn han eigentleg trengde. At han også stoppa taksameteret kom som ei positiv overrasking.

– Dette tykte vi var raust. Han kunne jo berre ha late taksameteret gå. Men han gjorde det for oss. Og han skal få ros fordi han var så grei. Dette sette vi veldig pris på, seier Eirik Faret Sakariassen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL