Hopp til innhold

Hevdar han køyrde ungdommar på fest med bestemora sitt drosjekort

Drosjesjåføren seier han køyrde både flyttelass og ungdommar på fest betalt med offentlege drosjekort meint for funksjonshemma. Fleire hevdar det går føre seg eit omfattande misbruk av drosjekorta.

Betaling i drosje

Både drosjesjåførar, drosjekundar og pasientbehandlarar seier til NRK at det går føre seg ei systematisk tømming av offentlege drosjekort. Samferdselsdepartementet kallar det for misbruk av fellesskapet sine midlar.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

Eldre og funksjonshemma køyrer gratis drosje for over 600 millionar i året, gjennom TT-kort. Drosjekorta er personlege og sikrar tusenvis av nordmenn eit sosialt liv og ei meiningsfull fritid.

Men kjelder NRK har snakka med fortel også ei anna historie - om turar for personar og formål drosjekorta neppe var meint for.

– Eg henta ungar, og då vi kom fram til bestemora, sprang den eine guten ut og henta drosjekortet. Ein annan gong køyrde eg eit heilt festfølgje av ungdommar på nyttårsaftan. Bestemora sto klar og betalte, seier den tidlegare drosjesjåføren.

Han bur på ein liten stad i Agder, og vil ikkje stå fram med namn, men NRK kjenner identiteten hans.

Han seier at noko av det mest spesielle han opplevde, var å køyre eit heilt flyttelass i maxitaxien sin, betalt med eit TT-kort. Han hevdar ingen sjekkar om den som brukar eit offentleg drosjekort, faktisk er den som eig det.

Drosjekort til kjøpesenter og tur

Etter at NRK fortalte om Aleksander Erstad som betalte 7 000 kroner for 6,5 kilometer lang drosjetur, har både drosjesjåførar, kundar og pasientbehandlarar tatt kontakt. Dei fortel om døme på systematisk tømming av drosjekorta, som kan ha ein verdi på heilt opp til 150 000 kroner i året for ein enkeltbrukar.

Odd Magne Gjersvik slutta som drosjesjåfør i Sandnes i Rogaland for tre år sidan. Han fortel at mange kundar vil kvitte seg med pengane på drosjekorta sine ved årsslutt.

– Sjølv har eg opplevd kundar som har spurt om eg hadde lyst å bli med på handletur. Då har eg vore med som hjelpar medan kunden har handla kle, sko eller andre varer, seier Gjersvik.

Odd Magne Gjersvik

Odd Magne Gjersvik har køyrt drosje i årevis i Sandnes i Rogaland. Han seier han har vore med kundar på butikken medan taksameteret gjekk i drosjen.

Foto: privat

Fleire drosjesjåførar NRK har snakka med fortel om at dei blir bedne om å køyre ekstra lange turar rett før nyttår, eller la taksameteret gå medan kunden og sjåføren går tur eller på kjøpesenter. Dei ønskjer ikkje å stå fram med namn, men NRK kjenner identiteten deira.

Hevdar mange gjer det same

Men drosjesjåførane sjølve får også kritikk for å vere med på ein omstridd bruk av drosjekorta. Fylkesleiar Andreas Poppe i Norges Blindeforbund, seier det er eit spesielt stort problem mot slutten av året.

– Vi føler det er ganske ekkelt når drosjesjåførar gang på gang seier «no må du bruke opp pengane, elles blir det avkorta neste år». Det er jo ikkje sant, seier han.

Poppe seier han sjølv har sitte i drosja med blinde brukarar mange gongar, og høyrt drosjesjåførar be dei om å tømme kortet.

Andreas Poppe

Andreas Poppe i Blindeforbundet i Østfold seier han sjølv har høyrt mange drosjesjåførar be kundane om å tømme drosjekorta før årsskiftet.

Foto: privat

– Eg skjønar veldig godt at næringa ønskjer å få midlane, for det er ei viktig inntekt for drosjene. Men det skal ikkje vere slik at ein baserer seg på usannheiter, så dette må vi bli kvitt, seier han.

Ein pasientbehandlar i Oslo er også velkjent med problemstillinga.

– Eg bad klientane mine om alltid å få med seg kvittering og klage, men mange har ikkje overskot til å klage, seier den erfarne pasientbehandlaren til NRK. Ho ønskjer også å vere anonym.

Trur dei må bruke opp for å få like mykje

Samferdselsdepartementet deler årleg ut over 600 millionar kroner til drosjekort for gamle og funksjonshemma. Statssekretær Ingelin Noresjø (KrF) seier dei ikkje hadde høyrt om problemstillinga før NRK skreiv om det, men kallar det misbruk av fellesskapet sine midlar.

Ingelin Noresjø

Statssekretær ingelin Noresjø (KrF) kallar tømming av drosjekorta for misbruk av fellesskapet sine midlar.

Foto: Torbjørn Tandberg

Det er svært uheldig at midlar som er løyvd til TT-ordninga, og som andre brukarar kunne hatt stor nytte av, blir brukt opp på denne måten. Og det er sjølvsagt ikkje i tråd med føremålet for TT-ordninga, seier ho.

Grunnen til å tømme korta kvart halvår skal vere å sikre at drosjekunden får like mange tusen på kortet neste halvår. Dette skjer trass i at fylkeskommunane, som deler ut korta, seier praksisen ikkje er slik.

– Neste års tildeling vil komme uavhengig av den enkeltes forbruk, seier seksjonsleiar Nina Merethe Hanssen i Viken fylkeskommune.

Saka blei nyleg diskutert på eit møte mellom alle fylkeskommunane. No er fleire i gang med kontrollar.

Ber drosjesentralane rydde opp

Norges Taxiforbund har nyleg sendt ut informasjon om bruken av TT-korta til alle medlemmer, etter saka med Aleksander Erstad i Ålesund. Styreleiar Øystein Trevland held fast på at tømming av drosjekort skjer blant eit fåtal av sjåførane.

Øystein Trevland

Styreleiar Øystein Trevland i Norges Taxiforbund avviser at det er fristande for sjåførane å hjelpe kundane med å tømme drosjekorta ved årsskiftet.

Foto: Norges Taxiforbund

– Det er heilt uaskeptabelt dersom TT-korta blir misbrukte. Det er noko som drosjesentralane må rydde opp i umiddelbart og vi har no bedt om at opplæringa i bruken av korta må bli betre, seier han.

– Men trur du det er mangel på opplæring som eventuelt er problemet?

– Ja, det må det vere, elles er det jo misbruk av korta

– Men trur ikkje du det kan vere svært fristande for drosjesjåførane?

– Nei, dette er jo det offentlege sine pengar som er delt ut til dei som sårt treng spesialtransport, og då må det brukast på rett måte, seier han.

Hei

Har du innspel eller tips? Ta gjerne kontakt! 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL