Hopp til innhold

Vurderer samarbeidet med Northug

Arrangørane til sommarskiskulen på Aure vil vurdere det vidare samarbeidet med skistjerna etter helgas fyllekøyring.

Northug
Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Arrangørane av sommarskiskulen i Aure vel å bryte kontrakten med skistjerna Petter Northug, skriv Tidens Krav. No modererer Harald Fladseth utsegnet. Han seier til NRK at dei ikkje har avslutta samarbeidet, men må vurdere kva dei skal gjere.

– Vi har ikkje konkludert og det gjer vi ikkje før vi pratar med mangementet eller direkte med Petter Northug, seier Fladseth.

Dette betyr at det er usikkert om Northug vert instruktør for unge skitalent i forkant av Toppidrettsveka. Dette skjer etter at Northug køyrde med promille, og krasja bilen sin natt til søndag.

– Å køyre i fylla er ikkje i samsvar med å vere ein god rollemodell som instruktør på sommarskiskulen, seier Fladseth i Norway Events.

Sommarskiskulen blir arrangert mellom 9. og 12. august og er for barn mellom 10–16 år.

– Mange blir nok skuffa

Ingunn Golmen

Ordføraren i Aure kommune, Ingunn Golmen (Sp).

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ordføraren i Aure kommune, Ingunn Golmen (Sp), meiner at skistjerna må opparbeide ny tillit etter fyllekøyringa.

– Eg trur at fleire blir skuffa dersom Northug ikkje kjem til skiskulen i sommar. Mange har nok gledd seg til å møte han. Men på same tid er det viktig at vaksne forklarer barna at det han har gjort gjer at han mister tittelen som godt forbilde, seier ordføraren.

Ho meiner at barna må få vite at han blir straffa for handlinga si.

– Northug må opparbeide ny tillit før han kan bli aktuell på nytt, seier Golmen.

Northug, Johaug og Weng har vore fronta som instruktørar for sommarskiskulen. Bilete av dei tre ligg framleis ute på heimesida til Norway Events måndag formiddag.

Sommerskiskole Aure dropper Northug
Foto: Skjermdump