Dukka ikkje opp
Representantar for Volvo skulle ha kome til Fræna i dag tidleg etter å ha signalisert interesse, og bustyrar for Moxy-konkursen, Per Øverbø, seier det er lite sannsynleg at svenskane no kjem.
Øverbø er usikker på kvifor Volvo har droppa Moxy, men trur det kan vere to årsaker. Anten har den store merksemda frå media skremt Volvo, eller har ikkje interessa for eit Moxykjøp ikkje vore stor nok oppover i Volvo-systemet
Det var Statens Nærings- og Distriktsutviklingsfond som inviterte Volvo med tanke på eit kjøp.
Direktør i Moxy, Odd Tore Finnøy har gitt uttrykk for tvil om Volvo sine hensiktar. Finnøy frykta at Volvo hadde motiv som kunne skade Moxy.
D-dag i morgon?
Det hastar med å finne ei løysing for den konkursramma bedrifta. Det er sett ein frist til ut dagen i morgon. Ei norsk gruppe har lagt inn eit bod, og bustyrar Per Øverbø håper på ei løysing.