NRK Meny
Normal

Droppa skulen for å brøyte

Medan mange andre er frustrert over det store snøfallet den siste tida, smiler Henrik Krogstad (17) breitt. Motorsporttalentet frå Langevåg tener dyrebare pengar på snøkaoset.

Motorsporttalentet Henrik Krogstad brøytar for å tene pengar til årets sesong.

Det store snøfallet dei siste dagane har skapt snøkaos fleire stadar i fylket. Brøytemannskapet jobbar døgnet rundt, og 17 år gamle Henrik Krogstad frå Langevåg på Sunnmøre er inga unntak.

Krogstad, som er Norges fremste motorsporttalent, har tatt på seg privat brøyting i heimbygda og telefonen har ikkje stått stille sidan det byrja å snø.

– Folk ringer heile tida, og gjerne i siste liten, så då blir det ekstra travelt. Eg har hatt fullt opp, så eg har omtrent ikkje sove sida laurdag. Det er galskap, men eg likar det. Eg må smi medan jernet er varmt, seier han med eit smil.

Travle dagar

For det kostar å vere på toppnivå innan norsk motorsport. Krogstad var seks år fekk han interesse for gokart og året etter starta han med konkurransar. Sidan har det gått tett i tett.

Henrik Krogstad

Henrik Krogstad klagar ikkje over snøen som har kome den siste tida.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

I tillegg til mange reisedøgn i samband med konkurransar og trening, går det også mykje pengar til utstyr og køyretøy.

– Eg brøytar på vinteren for å kunne tene pengar til å køyre billøp om sommaren, seier Krogstad som fekk traktorlappen då han var 16.

Den erfarne 17-åringen har ingen problem med å manøvrere den store traktoren rundt omkring i Langevågen. I løpet av turen tikkar det fleire meldingar inn på mobilen til Krogstad.

– Det er litt slitsamt no når det står på som verst, men eg kan slappe av når snøen forsvinn. Pengane eg tener på dette er svært viktig for å kunne finansiere den komande sesongen, seier han.

Skulen vart nedprioritert

Krogstad, som for tida kombinerer motorsport med andre året på Borgund vidaregåande skule, innrømmer at det er vanskeleg å få tid til alt når snøen lavar ned for fullt.

Henrik Krogstad

I dag droppa Krogstad skulen for å kunne tene pengar til årets sesong.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Vanlegvis går det fint, men i dag måtte eg droppe skulen til fordel for søvn og brøyting, seier han og vektlegg at han generelt har lite fråvær.

– Eg brukar å vere på skulen, så eg tenkte det ikkje kunne skade med ein fråværsdag, seier han med eit smil.

Er ikkje lei snøen

Krogstad er glad for alle brøyteoppdraga han har fått som følgje av det massive snøfallet den siste tida, men innrømmer at det hadde vore godt med litt mindre nedbør. I alle fall for ei lita stund.

– Det kan godt slutte å snø i ein dag eller to slik at eg får sove litt, men så kan det godt snø igjen, seier han og ler.

For som 17-åringen sjølv seier: «Det er kjedeleg å slappe av!».