Dronninga til Ålesund

Dronninga kjem til Ålesund for å delta på sørgegudstenesta i samband med rasulykka i Fjelltunvegen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Scanpix

Dronninga skal vere med ved sørgegudtenesta etter rasulykka i Fjelltunvegen.

Dronning Sonja

Dronning Sonja kjem til Ålesund laurdag.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Kongeparet har tidlegare uttrykt si sterke medkjensle til dei pårørande og dei evakuerte etter ulykka.

- Tragisk

Slottet seier at Dronninga ønsker å delta ved sørgegudstenesta i samband med den tragiske hendinga.

- Det blir ei samling for dei pårørande og alle berørte i byen der dei i felleskap får høve til å dele sorg og smerte, seier sokneprest Annstein Lothe.

Han understrekar at det verken er ei gravferd eller ei minnegudsteneste, men ei sørgegudsteneste.

Gudstenesta er i Volsdalen kyrkje klokka 1600 laurdag.

Dronninga vil bli tatt i mot av ordførar Bjørn Tømmerdal og sokneprest Arvid Helle.

Sendte telegram

Tidlegare denne veka mottok ordførar Bjørn Tømmerdal i Ålesund eit telegram frå kongeparet.

- Vi er dypt rystet over nyhetene om den tragiske hendelsen som har rammet så mange mennesker og ber Dem viderebringe våre varmeste hilsener til de berørte, heter det i telegrammet.

Telegrammet er undertegnet Harald R og Sonja.

Stor uvisse

Fem personar er framleis sakna etter at bustadblokka kollapsa etter eit ras onsdag morgon. Fleire hundre menneske er evakuerte frå området fordi det brenn i ein propantank i ruinane. Det er uvisst når desse kan kome heim.