Dronninga opna eiga kunstutstilling i havgapet

Sundag opna Dronning Sonja sommarutstillinga på Alnes fyr på Sunnmøre, der ho sjølv viser fram sine eigne kunstverk. – Det er ein ære å få stille ut her, det er eit eventyr her ute i havgapet, seier dronninga.

Dronninga opnar utstilling

Dronning Sonja har vore fleire gonger på Godøya utanfor Ålesund for å la seg inspirere. I sommar står kunsten hennar på fyret.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det er kjent at Dronning Sonja har ein stor lidenskap for kunst, og har etter kvart blitt ein anerkjend kunstnar sjølv. I sommar blir kunsten hennar å sjå på Alnes fyr på Godøya, ein plass ho har eit nært forhold til.

Dronning Sonja opnar utstilling

Utstillinga til dronninga vil vere på Alnes fyr til 25. august.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det kjennest veldig stort. Det er ein ære at eg får lov til å stille her. Eg har alltid hatt eit godt forhold til Godøya, seier dronninga.

– Det er eit eventyr her ute i havgapet, seier ho.

Held eit høgt nivå

Mykje av kunnskapen sin har ho henta nettopp her på Godøya, som elev hos kunstnaren Ørnulf Opdahl. Han har følgt dronninga si kunstneriske utvikling gjennom mange år.

– Det arbeidet som ho syner fram her er etter mi meining på eit veldig høgt nivå. Ho har hatt ein veldig stor utvikling, seier Opdahl.

Ørnulf Opdahl

Dronninga har besøkt kunstnar Ørnulf Opdahl fleire gonger på Godøya og har arbeidd saman med han.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Får ikkje nok tid

Dronninga har etter kvart blitt ein svært produktiv kunstnar innanfor fleire uttrykk. Men ho skulle gjerne fått gjort endå meir.

– Eg får ikkje nok tid, så det blir i korte periodar. Men kanskje det er bra også, for då konsentrerer ein seg fullt og helt akkurat i den korte perioden, fortel Dronning Sonja.

Lar seg inspirere

Dronninga opna Alnes fyr og opplevelsessenter for tre år sidan, og har vore der fleire gonger. Ho synest dei har lykkast godt med å kombinere eit besøkssenter med utstillingslokale for kunst ute i havgapet.

Kunsten til dronninga

Grafisk kunst laga av Dronning Sonja på Alnes fyr.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Staden inspirerer dronninga i kunsten hennar.

– Eg er så heldig å ha ein god mentor her, så eg bur ofte på rorbuene og er hos Ørnulf og Sissel. Det er fantastisk inspirerande å få lov til å vere her, seier Dronning Sonja.

Alnes fyr

Alnes fyr ligg på Godøya utanfor Ålesund. I 2016 opna Dronning Sonja eit opplevingssenter her.

Foto: Asbjørn Røsås

Ho har utvikla seg gjennom fleire former for kunst, frå foto, til akvarell, tresnitt, grafikk og keramikk.

Blir det meir og?

– Det kan det jo bli. Det er jo det som er så spennande, å forsøke så forskjellige retningar. Alt er spennande, seier dronninga.

Dronningas kunstutstilling på Alnes

Keramikk og eit grafisk verk laga av dronninga.

Foto: Gunhild Sætre / NRK