NRK Meny
Normal

Drog ned buksa framfor politiet

Ein mann i 20-åra er meld for blotting i Fosnavåg. I Skodje var det slåsting i natt.

Politi

Politiet har rykt opp fleire hendingar natt til søndag i Møre og Romsdal.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Politiet i Møre og Romsdal har hatt nok å gjere natt til søndag. Her er utdrag frå politiloggen:

Fosnavåg: Ein bilførar i 20-åra vart vurdert som påverka av rus. Mannen vart framstilt for blodprøve. Det vart gjort også gjort funn av mindre mengder narkotika. Mannen vart meld for køyringa og for bestittelse av narkotika.

Molde klokka 01.18: Ein mann laga bråk på ein utestad og vart pålagt å forlate Molde sentrum.

Kristiansund 01.25: To menn vart viste bort frå sentrum resten av natta fordi dei lagde bråk.

Fiskå: Mistanke om promillekøyring og skadeverk på forretningsbygg.

Skodje: Politiet rykte ut etter melding om slåsting i sentrum. Då politiet kom fram hadde slåstinga gitt seg og situasjonen var over. Politiet er i kontakt med personane som var blanda inn.

Fosnavåg: Ein person i 20-åra vart meld for blotting etter at han drog ned buksa framfor politiet i Fosnavåg sentrum.

Molde klokka 01:52: Ein person vart pågripen for å ha skada ein annan person i ei privat leilegheit i øvre bydel.

Sunndal klokka 02.40: Ei overstadig rusa kvinne vart sjekka av helsepersonell.

Sunndal 03:50: Melding om høg musikk frå ei leilegheit. Eigaren vart ringt opp av politiet og lovde å avslutte festen.

Ålesund: Ei kvinne i 40-åra vart arrestert på grunn av ordensforstyrrelse i sentrum. Ho skal også ha sparka til politiet.

Ålesund: Ei kvinne fall ned mellom ein bergvegg og ein husvegg i sentrum. Kvinna vart skadd i ei arm og vart henta ut av naudetatane.

Kristiansund: Ein person vart meld for å ha mindre mengder narkotika. Ein annan person vart meld for å bere kniv på offentleg stad.