Hopp til innhold

Drøftar innhaldet i nye-sjukehuset

– Innspurten med å stake ut kursen for innhaldet i det nye sjukehuset på Nordmøre og i Romsdal, er i full gang. I to dagar møtes fagfolk frå dei fire sjukehusa i fylket for å kome med sine innspel.

Fagmiljø på møte

Meir enn 40 fagfolk frå dei fire sjukehusa får seie sitt om kva det nye sjukehuset på Nordmøre og i Romsdal bør innehalde.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I Ulsteinvik løftar vel 40 tilsette ved sjukehusa i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda blikket over både geografi og sjukehusstrid. Dei er samla for å kome med faglege innspel om kva behandlingstilbod fellessjukehuset skal gi. Om knappe to månader må det meste vere klart.

Tenkjer langsiktig

Debatten i det lukka møtet handlar om eit sjukehus som skal kome innbyggarane på Nordmøre og i Romsdal til nytte i fleire tiår framover, presisere strategi- og utviklingssjef Espen Remme i helseføretaket.

Espen Remme

Espen Remme er strategi- og utviklingssjef i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Han har invitert med seg leiarar, tillitsvalde, verneombod, klinikk- og avdelingssjefar til Ulsteinvik for å få nyttige innspel.

– Her snakkar vi om sjukehustilbodet fram til 2030, minst. Det er dyrt å bygge sjukehus, og det er viktig at vi no klarer å tilpasse innhaldet mest mogleg framtidsretta. Difor er det så viktig at faggruppene kjem med synspunkt innan både psykiatri, medisin, kirurgi og andre fagområdet, seier Remme.

Han presiserer at hovudinnhaldet i nye-sjukehuset alt er klarlagt. Både akuttmedisin, akuttkirurgi, føde, operasjon og fleire andre funksjonar skal få plass i sjukehuset.

– Det vi no drøftar er til dømes om vi skal ha døgn – eller dagtilbod på somme område. Den medisinske og teknologiske utviklinga går fort, og det er ein utfordrande prosess vi er inne i, seier Remme.

Spanande prosess

Astrid Johanne Brandshaug er leiar ved medisinsk avdeling på sjukehuset i Kristiansund. Ho synest det er svært positivt at dei ulike fagmiljøa blir trekt inn i planlegginga av kva det nye sjukehus skal innehalde.

Vi blir tatt med på råd, og det er veldig bra. Men vi har det travelt fordi datoen for endeleg avgjerd nærmar seg. Men her har dei som arbeidet med dette til dagleg kontroll, og vi har tillit til at dei gjer det beste ut av tida framover no, seier Astrid Johanne Brandshaug.

Astrid Brandshaug

Astrid Brandshaug meiner det er svært viktig at alle fagmiljø blir tatt med på råd når kabalen for tilbodet ved det nye sjukehuset skal leggast.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Om det er viktig at fagmiljøa og dei ulike profesjonane blir tatt med på råd, er Brandshaug aller mest opptatt av at vala som no skal takast, blir til det beste for innbyggarane på Nordmøre og i Romsdal.

– Vi har jo ein grundig høyringsprosess bak oss, med folkemøte og det heile. Men det aller viktigaste er at pasienten står i sentrum. Vi skal faktisk vere med og sikre at pasientane får best mogleg tilbod i mange, mange år framover når sjukehuset står ferdig.

Blikk utanfrå

Helse Møre og Romsdal har leigd inn firmaet Hospitalitet AS som ekspertar utanfrå for å gi råd i sjukehusssaka. Dei er eit av dei sterkaste fagmiljøa innan rådgiving og prosjektleiing i helsesektoren i Norden, og har vore med på liknande prosessar i fleire andre fylke i landet.

Saka her i Møre og Romsdal liknar tilsvarande sjukehussaker i andre stader. Det blir jobba grundig for å sikre seg at ein i framtida skal kunne arbeide med trygge og sikre fagmiljø, seier prosjektrådgjevar Svein Petter Raknes.

Svein Petter Raknes

Svein Petter Raknes har vore med på fleire sjukehusprosessar andre stader som liknar på den som no går føre seg i Møre og Romsdal.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Han har fått med seg den store og langvarige striden om tomtespørsmålet og andre sider av bygging av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal.

– At bygging av nye sjukehus fører til stort engasjement, er naturlege. Men her opplever eg at diskusjonen er svært konstruktiv, seier Raknes.

Må vere budde på endringar i behandlinga

Overgangen frå fleire mindre fagmiljø til færre og større, brukar å vere ei utfordring når sjukehusstrukturar skal endras, erfarer rådgjevingsfirmaet. Dette er også ei av utfordringane for Helse Møre og Romsdal, meiner Svein Petter Raknes.

Ei anna utfordring er å sjå langt fram i tid, og vere budd på endringar som skjer i den medisinske behandlinga.

– I åra framover vil stadig fleire pasientar kunne behandlast på dagtid eller poliklinisk. Ei slik utvikling er også til det beste for pasientane, seier han.

Diskusjonen i Ulsteinvik held fram i morgon. Det endeleg vedtaket om kvar sjukehuset skal ligge blir teke 17. desember. Men det som skjer i Ulsteinvik blir nok teke med i debatten både på styremøte i komande veke og seinare.

Sjå tv-reportasjen frå samlinga her:

Sjefar og tilllitsvalde var tysdag samla i Ulsteinvik for å diskutere innhaldet i det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Målet er å skape eit godt og berekraftig sjukehus.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL