Hopp til innhold

Drivhus på Molde-matta

Oppvarming skal sikre gras på Aker Stadion neste sesong. Ormen Lange-festen i oktober gjekk hardt ut over matta.

Aker stadion fylles

Scena blei ståande for lenge

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

- Scena til Ormen Lange-festen blei ståande fem døgn for lenge på graset. Då alt var fjerna, var berre 1/3 av graset igjen på store område. Derfor vurderer vi eit drivhusprosjekt som alt er testa ut på Lerkendal, seier banemeister Øyvind Kormeseth til Romsdals Budstikke.

Prosjektet går ut på å plassere 40 meter lange tunnelar av plast over områda som manglar gras, og så varme dei opp med sterkt lys. Varmeanlegget må stå på bana i ein månad for at graset skal gro tilstrekkeleg. Totalkostnadene blir på om lag 1,5 millionar kroner, seier Kormeseth.

Det blir ei stor utfordring å få bana klar til den rekordtidlege sesongopninga mot Stabæk 30. mars, og Kormeseth meiner at arrangøren av Ormen Lange-festen burde vore med på å rette opp skadane. No vonar han på ein mild vinter.