NRK Meny

Drivande båt i Ellingsøyfjorden

  • Avslutta søket etter båt

    Politiet har konkludert med at det ikkje har vore personar i båten som vart funnen ved Stokkholmen i Ellingsøyfjorden tidlegare i dag. Søket er no avslutta, men politiet vil halde fram med å søke etter eigaren via båtforhandlarar.

  • Etterlyser eigar av Lami 425

    Både politibåt, kystvakta, ambulansehelikopter og fleire sivile båtar er med i søket etter eit båtfunn ved Stokkholmen i Ellingsøyfjorden. Operasjonsleiar Arild Reite seier at dei ikkje har funne noko som tyder på at det skal ha vore folk i båten, som skal vere ein Lami 425. Dei prøver no å finne eigaren av småbåten via serienummer, og båten er dratt i land på Stokkholmen.

    ambulansehelikopter ellingsøy
    Foto: Jacob Høyberg
  • Helikopter i søket

    I samband med funnet av ein drivande båt i Ellingsøyfjorden er det no sett inn ambulansehelikopter i søket. Politiet har slått fast at det ikkje er folk ved båten. Men det blir likevel leita etter folk i området.