Hopp til innhold

Samlar inn pengar til kreftbehandling av venninne

– Folk betalar mykje meir enn varene kostar, og nokon berre betaler men vil ikkje ha noko, seier Tone Østensen med eit smil. Målet om kroner 100.000 til kreftbehandling for venninna er kanskje ikkje så urealistisk.

Kreftbehandlinga i Sveits kostar opp mot ein million kroner. Laurdag ville venninnene samle inn 100.000 kroner gjennom ein provisorisk butikk i Ålesund.

Tone Østensen (t.v.) står i spissen for innsamlingsaksjonen til kreftsjuke Kristine. Med på laget hadde ho laurdag Sander Østensen, Ingrid Charlotte Ødegård og Anette Finnes. Reporter Jannicke Farstad.

Tone Østensen

Tone Østensen er initiativtakaren bak den provisoriske butikken i Ålesund.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Det myldrar av folk inne på outlet-butikken i Kremmergaarden i Ålesund. Den er laga til berre for denne laurdagen.

– Dagen i dag har motbevist at sunnmøringar er gjerrige, seier Tone Østensen som står bak innsamlingsaksjonen.

Mål om 100.000 på ein dag

– Folk betalar mykje meir enn varene er verdt, og mange betaler men vil ikkje ha noko. Ikkje ein kaffikopp ein gong, seier ho med eit stort smil.

Det er rørande scener i den provisoriske butikken. Praten blir avbroten av ein mann som lurer på om det finst eit kontonummer han kan sette inn pengar på.

– Sjølvsagt, seier Tone, og skriv 1206.90.23833 på eit papir som han får. Det er kanskje sprøtt å sette seg eit mål om at vi skal få inn 100.000 kroner i dag, men to timer etter dei har starta har tusenlappane strøyma inn og ho ser at det kanskje ikkje er urealistisk likevel.

Bakgrunnen for innsamlingsaksjonen er at venninna deira Kristine no er i Sveits for å få behandling for kreft. Dei kunne ikkje redde ho her i Norge, men legar i Sveits seier dei kan gjere ho frisk.

Betalar det dei vil

– Den behandlinga må ho sjølvsagt ha, seier Tone. Den kostar opp mot ein million kroner. Det starta med at kjærasten til Kristine starta ei pengeinnsamling på Facebook. Sidan det har mange engasjert seg, og det har kome inn nærare ein halv million kroner.

Bestevenninna til Kristine, Ingrid Charlotte Ødegård, fortel ein kunde at det er han som bestemmer kva genseren skal koste.

– I dag set vi ingen pris, alle pengane du betalar går til kreftbehandlinga til Kristine, seier ho.

Vil ikkje fokusere på det negative

Det er ikkje noko bilde av Kristine i butikken, og ikkje ønsker dei at vi skal publisere det i denne nettartikkelen heller.

– Kristine seier at vi må gjere dette til ei gladsak, ikkje fokusere på den fæle kreftsjukdomen som ho har fått. Typisk Kristine, seier Tone.

– Ei meir gladjente finst ikkje i heile verda. Alle som møter ho blir glad i ho med ein gong, og ho er berre heilt nydeleg tvers igjennom. Ho er berre 21 år. Legane må berre klare å redde ho, det må bli sånn, seier Tone og spring vidare.

  • Laurdag kveld vart det klart at den provisoriske butikken greidde å samle inn 68.600 kroner til kreftsjuke Kristine. Ein sum initiativtakar Tone Østensen var godt nøgd med.