Hopp til innhold

Kreftpasientar blir uvel av dritlukt frå reinseanlegg

Tilbakevendande kloakklukt rundt sjukehuset i Ålesund gjer kreftpasientar kvalme. No krev sjukehuset at kommunen ordnar opp.

Kreftavdelinga ved sjukehuset i Ålesund

KLOAKKLUKT: Kreftavdelinga i Ålesund er plaga av kloakklukt frå reinseanlegget like ved. Det er spesielt plagsamt for dei som er kvalme frå før.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg har høyrt at folk har blitt så kvalme av lukta at dei har spydd av den, seier Rune Rokstad. Han er ein av dei som får behandling ved kreftklinikken ved sjukehuset i Ålesund.

Rune Rokstad

BLIR KVALME: Rune Rokstad er ein av dei som får behandling ved kreftklinikken ved sjukehuset i Ålesund. Han veit om mange som har blitt kvalme av lukta.

Foto: Privat

Klinikken ligg under 100 meter frå reinseanlegget til kommunen. Og det er her skitlukta kjem frå. Rokstad har kjent lukta, men har ikkje blitt uvel sjølv. Han føler med kreftpasientar som frå før av er kvalme og må kjenne på kloakklukt under behandlinga.

– Du kjem til eit fantastisk sjukehus med god behandling. Då bør ikkje den opplevinga bli øydelagt av ei forferdeleg dritlukt, seier Rokstad.

Kvalm av cellegift

Kristina Folkedal Bru er kreftsjukepleiar og opplever at lukta kjem snikande.

Kristina Folkedal Bru ved kreftklinikken på Ålesund sjukehus

PLAGSAM LUKT: Kristina Folkedal Bru er kreftsjukepleiar. Ho seier at lukta er plagsam for både pasientar og tilsette.

Foto: privat

– Dei som skal ha cellegiftbehandling har ofte kvalmeproblem og er uvel. Det kan forsterkast av denne lukta i tillegg, seier Bru.

Ho fortel vidare at den også er plagsam for dei tilsette. Lukta er der ikkje kvar dag, men når den kjem kan den vare ei stund.

Å få cellegift kan ta fleire timar.

– Det er liksom ikkje hjelp i å opne vindauge for å lufte. Då blir det berre verre, seier Bru.

Vil kaste opp

Fleire gongar den siste tida har luktplagene vore store. 25. januar rapporterte klinikksjef Jorun Bøyum dette i ein e-post til Åse reinseanlegg:

«Det har den siste tiden vært svært stram og dårlig luft fra kommunens renseanlegg på Åse, og i dag kl. 1430 er det slik lukt i kreftavdelingen at både pasienter og ansatte vil kaste opp»

Jorun Bøyum
Jorun Bøyum

HÅPER PÅ LØYSNING: Klinikksjef Jorun Bøyum ved sjukehuset i Ålesund håper kommunen ordnar luktproblema.

Foto: Terje Reite / NRK

Bøyum seier at det ikkje hadde vore noko problem dersom lukta kom ein sjeldan gong, men dette har vart over fleire år.

– Lukta er ikkje berre på kreftklinikken, men også på pasienthotellet og i området generelt, seier Bøyum.

Ho håper kommunen no kan få orden på luktproblema.

Jobbar med saka

Verksemdsleiar i Ålesund kommune, Arve Olav Bang, seier at forholda ved reinseanlegget har endra seg sidan det vart bygt i 1992. Utfordringa er ein må bruke andre kjemikalie i reinseprosessen no som gir meir lukt enn det ein brukte før.

– Det er sjølvsagt beklageleg at pasientar og naboar opplever denne lukta. Vi jobbar med å kome fram til løysingar, seier Bang.

Dei siste 10 åra er det gjort ei rekkje tiltak for å betre problema, men det har ikkje vore nok. No skal meir av reinseprosessen dekkast til, og ventilasjonen skal bli betre.

Også dei tilsette ved reinseanlegget har vore plaga med hovudverk, kvalme og mageproblem av lukta.

– Vi har like mykje dei tilsette i tankane. Vi må ha omfattande tiltak for å få bukt med dette, seier Bang.

Åse renseanlegg og Ålesund sjukehus

KORT AVSTAND: Åse reinseanlegg ligg like ved Ålesund sjukehus. Kommunen jobbar for å bli kvitt luktproblema.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK