Hopp til innhold

Drilljentene vann tre EM-gull

Desse jentene er betre enn Belgia, Bulgaria, Kroatia, England, Frankrike, Nederland, Ungarn, Italia, Tjekkia, Romania og Slovenia.

Spjelkavik drillklubb

Spjelkavik drillklubb henta heim heile tre gull i Europameisterskap for paradedrill.

Foto: Fredrik Hakonsen

Spjelkavik Drillklubb tok heile tre EM-gull i England. Der konkurrerte dei i paradedrill med tre troppar og utruleg nok tok alle saman gull. Men gullet har ikkje kome av seg sjølv.

– Det er mykje trening som ligg bak, seier Kanutte Høidahl.

I dag var ho i studio i ettermiddagssendinga hos NRK Møre og Romsdal saman med fleire av dei andre drilljentene. Høyr innslaget her: