Normal

Driftsbygning nedbrent i Eidsdal

Driftsbygningen som tok til å brenne i Eidsdal ved 22 – tida, er heilt nedbrent. Brannvesenet frå Eidsdal og Geiranger klarte å hindre spreiing til eit våningshus like ved.

Totalskadd driftsbygning i Eidsdal

Driftsbygningen blei totalskadd i løpet av kort tid.

Foto: Britt Ingunn Maurstad

Det er kraftig vind på Veiberg der fjøsbygningen på den fråflytta garden no er totalskadd. Ingen personar skal ha vore i driftsbygningen eller våningshuset. Ingen personar skal heller vere komne til skade i brannen.

– Brannvesenet meiner dei skal klare å hindre brannen i å spreie seg til våningshuset. Det har også tatt fyr i graset på baksida av driftsbygningen, men brannvesenet meiner dei skal klare å få kontroll også på grasbrannen, sa operasjonsleiar Jon Bratland ved Sunnmøre politidistrikt til NRK onsdag kveld.

Ifølgje augevitne stod vinden no i retning frå våningshuset på garden.

Campingplass i nærleiken

Politiet seier at ein campingplass ligg eit par hundre meter frå den brannherja driftsbygningen.

– Det skal ikkje ha vore folk på campingplassen, seier Bratland.

Det var ikkje dyr i driftsbygningen, stadfester politiet.

Brannbil i aksjon

Brannvesenet frå dei to bygdene Eidsdal og Geiranger er med på sløkkingsarbeidet på Veiberg

Foto: Britt Ingunn Maurstad

Det fråflytta gardsbruket ligg eit par hundre meter frå Fylkesveg 63 gjennom Eidsdal, og vel 3, 5 kilometer opp dalen frå ferjekaia. Ei elv som renn like ved garden skal ha gitt brannvesenet bra tilgang på vatn til sløkkingsarbeidet.

Brannen skal ikkje ha ført til hindringar for trafikken så langt.

Politiet har enno ingen teori om kvifor det tok til å brenne i driftsbygningen på Veiberg i Eidsdal i kveld.