Driftsbygning brann ned

På Osmarka i Gjemnes brann ein driftsbygning ned til grunnen i natt. Lokalt brannvesen saman med ressursar frå brannstasjonen på Kleive i Molde, deltok i sløkkingsarbeidet. Eit kårhus like ved fekk bygningen fekk mindre brannskadar, men brannmannskapet fekk sett i gang sløkking og klarte å hindre brannen i å utvikle seg. Sløkkingsarbeidet blei avslutta klokka 0645, og då var heile driftsbygningen brent ned. Det var ingen dyr i bygningen, og det var heller ingen personskadar i samband med brannen. Politiet etterforskar no kva som var årsaka til at brannen starta.