Hopp til innhold

Dreiv frå land i gummibåt

Ei ung jente måtte få hjelp av redningsskøyta då den oppblåsbare gummibåten ho sat i dreiv vekk frå land.

Gummibåt

Det var i 18.30-tida laurdag at ei jente dreiv frå land og ut på sjøen ved Tueneset i Ålesund.

Foto: RS 154 "Det Norske Veritas II

Det var like etter klokka 18.30 at Sunnmøre politidistrikt melde at ei yngre jente og den oppblåsbare gummibåten ho sat i dreiv ut frå land ved Tueneset i Ålesund.

– Vi var på veg tilbake frå eit oppdrag då politiet bad oss om assistanse, seier Bjørn Fladmark på redningsskøyta Norske Veritas 2.

– Jenta hadde leika seg ved stranda og padla rundt i sjøen då vinden fekk tak i henne og båten, held han fram.

– Bruk redningsvest

Sterk vind førte henne lenger ut på sjøen, før redningsskøyta var på plass å fekk henta henne om bord.

– Ho var kald og forkomen. Vi fekk gitt henne noko å varme seg på, og køyrde henne så tilbake til land, seier Fladmark.

Jente hadde ikkje på seg redningsvest, og Fladmark meiner det er noko av det viktigaste å huske på, sjølv i små båtar.

– Bruk redningsvest! Eg kan ikkje få sagt det nok.