NRK Meny
Normal

Draumevinter for skisentera

Lukka held fram for skisentera i Møre og Romsdal. Ein rekordtidleg sesongstart og stabil vinter fleire stadar i fylket fører til fulle skibakkar.

Stranda skisenter - fargekorrigert

Stranda skisenter er blant skisentera i fylket som opplever svært mange besøkande.

Foto: Stian Græsdal

På Stranda skisenter frydar marknadssjef Ellen-Beate Wollen seg over årets vinter.

– Etter to magre vintrar har vi no draumeforhold i skibakken. Sesongen så langt har vore heilt fantastisk, med mykje snø og mykje folk, seier ho.

Høge besøkstal

Skitrekka har gått for fullt denne vinteren. Over heile fylket melder skisentera om bra føre og høge besøkstal.

Ellen beate Wollen

Marknadssjef på Strandafjellet skisenter, Ellen Beate Wollen, kan juble over snømengdene.

Foto: Jannicke Susann Farstad / nrk
Rune Støversten

Dagleg leiar ved Stordal Alpinsenter, Rune Støversten, seier dei har hatt ein svært bra start på vintersesongen.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

– Vi får lokale og regionale besøkande, men det kjem folk frå heile landet og Sverige i tillegg, seier Wollen.

Også fleire skisenter i fylket har hatt ei knallopning av skisesongen. Ved Tusten skisenter i Molde kan dei melde om mykje folk og eit stort sal av skikort. Det kan også Geir Magne Haugen ved Surnadal skisenter.

– Det er veldig flotte forhold her, og her har vore mykje folk sidan vi opna for sesongen.

– Storkosar seg i bakken

Dagleg leiar på Ørskogfjell skisenter, Odd Skjegstad, kan fortelje at salet av årskort vore betre enn forventa.

– Vi har hatt ei veldig god auke i forhold til tidlegare år. Vi får besøkande frå fleire stadar i fylket, og ser at mange, kanskje spesielt barna storkosar seg i bakken, seier han.

Ved Stordal Alpinsenter har dei allereie overgått inntektene frå i fjor.

– Vinteren i fjor var svært dårleg. Det er ein heilt anna vinter i år, og ein utruleg bra start på sesongen, seier dagleg leiar Rune Støversten.

Marknadssjefen ved Stranda skisenter meiner vinteren så langt lovar godt for resten av sesongen.

– No veit vi at resten av sesongen er sikra, og vi kan planlegge mot vinter- og påskeferien, seier Wollen.

kvit jul

Etter ein snøfattig vinter i 2014, er det ei stor glede for skientusiastar å sjå kvitkledd natur denne vintersesongen.

Foto: Jannicke Susann Farstad

Open bakke

Søndag 18. januar er det klart for open bakke ved dei fleste av skisentera i landet. Open bakke er eit felles initiativ frå DNB, Alpinanleggenes landsforeining, Norges Skiforbund og Norges Snowboardforbund.

Der blir både store og små sponsa med gratis heiskort, og på Ørskogfjell skisenter er dei klar for å ta i mot dei besøkande.

– Vêrgudane ser ut til å vere på vår side, så det blir eit stort arrangement med mykje aktivitet, seier Skjegstad.

På Stranda skisenter forsvann dei gratis heiskorta på rekordtid.

– Vi la ut tusen kort og dei blei rive vekk alle saman. Så her er det berre å nytte seg av open bakke og besøke skisentera, så blir det ein fantastisk dag, seier Wollen.