Hopp til innhold

Drar til sjøs i sommarferien

Nokre skuleelevar gjer ingen ting på den første måndagen i sommarferien. Andre set pris på at ting skjer.

Sommarskule, Redningsselskapet

27 barn er med på Redningsselskapet sin sommarleir på Sørneset i Ålesund.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

På Sørneset i Ålesund arrangerer Redningsselskapet sommarleir. 27 barn er samla for å lære om sjø og båt.

– Det er spennande å lære noko nytt, seier 11-åringen Mathea Soma Nordstrand.

Sommarskule, Redningsselskapet

Venninnene Mathea Soma Nordstrand (t.v.) og Agnes Aambakk Frisvold kosar seg på sommarleir.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Venninna Agnes Aambakk Frisvold var med også i fjor. Det var så kjekt at ho ville vere med også i år.

Ho er ikkje opptatt av å kvile seg i sommarferien:

– Eg likar å gjere ting. Avslapping er ikkje noko for meg.

Ylva Ørnhaug
Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ylva Ørnhaug er ein av fleire unge instruktørar frå Redningsselskapet som er i aksjon på Sørneset i Ålesund.

– Redningsselskapet har ein visjon om at ingen skal omkomme på sjøen. Då er det fint at barna får lære korleis dei skal oppføre seg i båt, seier ho.

Når NRK er på besøk har barna ei konkurranse, der dei skal gjere ei segljolle klar så fort som råd. Kajakkane kjem på vatnet, og nokre er ute med motorbåt.

Sommarskule, Redningsselskapet

Barna får kyndig instruksjon om segljolla av Truls Skarbøvik

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Kaotiske måndagar

– Men på første måndagen i sommarferien er det kanskje ikkje alle som er like motiverte?

– Det er alltid litt kaotisk på måndagane. Men det går seg fint til etter kvart, seier Ylva Ørnhaug.

Sommarskule, Redningsselskapet

Etter kvart kom også kajakkane på sjøen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

11-åringen Agnes Aambakk Frisvold stadfestar at nokre av barna er litt slappe denne dagen:

– Nokre går og gjespar litt. Men det går nok betre utover i veka!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL