Krevande tid
Oddbjørn Tomren er tillitsvalt for sjukepleiarforbundet i Helse Nordmøre og Romsdal. Han har stått i spissen i sjukehusstriden og fronta sjukepleiarane si sak.
Det har vore ei tøff tid, og før helga vart han også drapstrua på Facebook.
– Det har vore krevande både for meg og familien, seier han.
Vil ha nytt sjukehus i Molde
Tomren er ein av dei som har kjempa for at Nye Molde sjukehus skal bli bygd som planlagt på Eikrem i Molde.
Vakkert, men betent. Sjukehuset i Molde er gammalt, og eit nytt er under planlegging. Men kvar skal sjukehuset ligge?
Foto: Omar Sejnæs / NRKDei fleste av medlemmene hans i Kristiansund går no inn for eit felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Gjemnes på Nordmøre.
Likevel meiner 42-åringen at nordmøringane si interesse er godt ivaretatt.
– Vi er likt representert, og vi har lik mulegheit til å påverke.
Ikkje til å misforstå
Tomren meiner drapstruslane ikkje var til å misforstå.
– Det sto at no må eg skjerpe meg om eg skal bli noko særleg "gamlare". Og at eg måtte passe helsa mi. Ikkje legge meg borti slike saker.
– Overskrifta var: Kor skal sjukehuset ligge? seier Oddbjørn Tomren til NRK.