Hopp til innhold

Nordmøring dømt til 12 års fengsel

Aktor i drapssaka på Hotell Alexandra i Molde kravde at mannen skulle dømmes til fengsel i 14 år. Forsvararen meinte at det var tvil om at tiltalte var klar over at handlingane hans førte til at Kirsti Slinning døde. I dag fekk gjerningsmannen dommen.

Dødsfall hotell i Molde

Dommen er avsagt i drapssaka ved Hotell Alexandra i oktober 2011.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Magne Nyborg

Aktor Magne Nyborg synest at straffa er lågare enn dei hadde håpa på.

Foto: Terje Reite / NRK

Paal Berg Helland

Forsvarar, Paal Berg Helland, er ikkje overraska over dommen.

Foto: Terje Reite / NRK
Den 58 år gamle mannen dømmes til 12 års fengsel for drapet på Kirsten Slinning i oktober 2011.

Tiltalte fekk dommen forkynt i dag klokka 12 ved Hustad fengsel.

Aktor Magne Nyborg synest at straffa er lågare enn dei hadde håpa på.

– Eg noterer meg at tingretten falt ned på normalstraffnivå på 12 år. Vi la ned påstand på 14 år, så det er noko lågare enn vi hadde håpa. Eg skal avvente kva domfeltet vil gjere, også vil eg kome med innstilling til riksadvokaten.

Gjerningsmannen dømmes for forsettleg drap – brot av straffeloven paragraf 233, første ledd, til fengsel i 12 år. Varetekt kjem til frådrag med 272 dagar.

Les også:

Usikker om anke

Forsvarar, Paal Berg Helland, er ikkje overraska over dommen.

– Dommen er som forventa. Det er på ein måte det nivået straffa ligg på når ein først vel å domfelle for forsettleg drap, seier Helland.

– Er du og tiltalte framleis ueinige i at det var et forsettleg drap?

– I utgangspunktet så er vi det. Etter at eg har lest gjennom heile dommen vil eg og tiltalte vurdere om vi vil anke eller ikkje, seier forsvarar Helland til NRK.

Helland har så vidt snakka med tiltalte etter at dommen vart avsagt. 58-åringen var overraska over kor mange år det faktisk blei.

– Tiltalte hadde håp at han ville få litt færre år i fengsel, fortel Helland.

Les også:

Må betale erstatning

Han blei også dømt til å betale ei erstatning på omtrent 75.000 kroner til dei etterlatne. Han må i tillegg betale ei oppreisningserstatning på 200.000 kroner til kvar av dei to etterlatne barna til Slinning.

Mannen frå Nordmøre var sikta for forsettleg drap på den 53 år gamle Kirsti Slinning frå Ålesund. Kvinna blei funne død på eit hotell i Molde like over midnatt 13. oktober 2011.

hotell Alexandra i Molde

Kvinna blei funnet på balkongen til rom 411 på Hotell Alexandra i Molde.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL