Hopp til innhold

Drapsgåte gav auka turisme

Ei drapsgåte var sterkt medverkande til at Ålesund vart ein turistby.

Malstrøm
Foto: NRK

For 25 år sidan starta filminga av påskekrimen Malstrøm, som har vore vist til millionar av menneske i ei lang rekke land.

Våren 1984 arbeidde førti personar frå BBC på spreng i Ålesund og på Sunnmøre. Dei laga påskekrimen Malstrøm, som vart send på NRK året etter. Dei seks episodane vart vist i 39 forskjellige land.

Avspark for turismen

PR-sjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Bente Saxon, seier at denne serien har hatt svært mykje å seie for turismen i Ålesund.

Bente Saxon
Foto: Nyhetsspiller / NRK

- Det var i grunnen avsparket for Ålesund som turistby. Det var denne serien som hjelpte oss i gong.

Det er laga fleire filmar i Ålesund etter Malstrøm, men ingen kan hamle opp med påskekrimmen frå BBC, meiner reiselivsveteranen.

- Vi var svært opptekne av å vise det autentiske Noreg og også sunnmørsånda som var her. Ingen har vore så stor og ingen har betydd så mykje for vårt distrikt.

Sjå TV-innslaget her: Drapsgåte skapte turistbyen

Alle gjorde sitt til at filmen skulle bli ein realitet. Filmskaparane frå England fekk god hjelp frå Bente Saxon. Ho fekk tilbod om jobb i BBC, men valde å halde seg i reiselivsbransjen.

- Etter at filmen vart filma her, gjorde det eit utruleg utslag for turismen i Ålesund. Etter det har det eigentleg gått berre ein veg med Ålesund som turistby.

- Eg vart forelska

Forfattaren av serien, Michael J. Bird, var sjølv turist. Han drog med hurtigruta, og skulle eigentleg lage film i Tromsø. Men så oppdaga han byen med jugendstilen.

- Det var ein fascinerande stad. Eg vart forelska med ein gong, seier han.

Den dag i dag nyt Ålesund fruktene av den Noregs-interessa Malstrøm skapte i England og mange andre land. Millionar av menneske har sett serien.

Sjølv om det er mars, kryr det av engelske hurtigruteturistar i sunnmørsbyen.

Leo Coxon
Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Engelske Leo Coxon er ein av dei, og ho hugsar godt Malstrøm-serien.

- Ja, eg såg serien på TV for mange år sidan. Den var bra, seier ho, og hugsar godt at ho vart skremd av den spanande serien.

- Den var annleis, eg berre hugsar at den var annleis.

God reklame

For 25 år sidan handla det om å finne opptaksstader, folk og sponsorar. Då skodespelarane kom, jobba dei nesten døgnet rundt for å lage krimserien. Tidlegare ordførar i Ålesund, Svein Tømmerdal, sa då at dette var svært god reklame for regionen.

- Det gav oss ei eineståande moglegheit til å gjere Ålesund og Sunnmørsregionen kjend.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL