NRK Meny

Drapsdømd ankar dommen

22-åringen som blei dømd til 18 års fengsel for Spjelkavik-drapet ankar dommen. Forsvararen hans, Håkon Sætre Rasmussen, seier til NRK at klienten hans opplever straffa som altfor streng. Mannen er dømt for å ha drepe Åge Stavran (35) med øks og brevopnar 21. oktober i fjor. Det var også to medtiltalte i saka, den eine anka på staden og den andre har vedtatt sin dom.

Bistandsadvokat Gerd C. Haagensen og forsvarer Håkon Sætre Rasmussen
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK