Hopp til innhold

Drapet på dompapen

Ei sann og brutal historie frå naturen.

Ekornet og offeret

Ekornet og offeret

Foto: Øystein Folden

Øystein Folden frå Tingvoll har sendt oss denne historia:

Tilbake på åstaden

I heile vinter har ekornet hatt sine faste turar innom foringsplassen utom kjøkenglaset. Oftast eitt eller to, men stundom tre og fire. Dei turnerar i hasselbuskane, hopper over på fuglebrettet og driv ymse akrobatikk. Spenstige typar med god akselerasjon dette. Rangordning har dei også, så dei rister stadig ned maten ved å forfølgje sine artsfrendar.

Oftast blir dei sitjande under fuglebrettet, der det alltid ligg solsikkefrø som har ramla ned. Der blir det ein solid frukost, og så er det eit par vendingar til seinare på dagen. Saman med ekornet er det eit yrande liv av småfuglar. Her er stundom 100 landingar og avgangar i minuttet utan kollisjonar, heilt utan Avinor si hjelp. Kjøttmeis, blåmeis, granmeis, løvmeis, svartmeis, spettmeis, grønnfink, dompap og fleire til sit gjerne ein liten halvmeter frå ekornet. Så her ein dag hadde nok ekornet ein dårleg dag på jobben. Dompaphannen ein halvmeter unna var nok veldig irriterande. Plutseleg er det eit byks og så er det ekorn og dompap og fjør som fyk ein liten augneblink. Mindre enn 15 sekundar etterpå sit ekornet igjen på plassen sin og et frukost som om ingenting var hendt. Dompapen ligg stein daud. Kort og brutalt.

Dagen etter var ekornet tilbake på åstaden. Det er då biletet er tatt. Ekornet let seg ikkje forstyrre av sin kalde nabo som ingen har henta. Men dei andre dompapane held seg i hasselbusken og er ikkje interessert i å sjekke opp solsikkefrøa på bakken når ekornet er til stades.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL