Hopp til innhold

Dramatiske timar før havariet

Skipet som skulle assistere Bourbon Dolphin miste taket på tung kjetting.  Og maskinen til Bourbon Dolphin var i ferd med å gå varm.

Sjøforklaring
Foto: Terje Reite / NRK

Det er førstestyrmann Geir Syversen som no er i ferd med å forklare seg. Han var på brua den dagen Bourbon Dolphin havarerte. Om lag klokka 15 ba Bourbon Dolphin om assistanse frå skipet Highland Valeur. Dette skipet skulle ta tak i kjettingen på 750 meters djup, for å lette trykket for Bourbon Dolphin.

Highland Valeur bomma på første forsøk. Men fekk tak i kjettingen på andre forsøk. På brua kunne dei sjå at dette var god hjelp, og at trykket på kjettingen blei redusert.  Bourbon Dolphin la ut meir kjetting i tre minutt.  Då begynte dramatikken:  Trykket på kjettingen auka kraftig.  Highland Valeur hadde mista taket på kjettingen.

Nestenkollisjon

I tillegg til eit kraftig trykk på Bourbon Dolphin, førte dette til at Higland Valeur brasa i stor fart mot Bourbon Dolphin.  - Ein kollisjon var tilsynelatande uunngåeleg.  Overstyrmannen sette imidlertid full gass framover, og kollisjonen blei unngått så vidt.

Vurderte å skifte hjelpeskip

I denne prosessen blei det vurdert å få hjelp frå andre skip.  Det var imidlertid få andre skip i nærleiken.  Løysinga var å få Highland Valeur til å gjere nye forsøk på få tak i kjettingen.  Dette resulterte i ein serie bomforsøk.  Først på femte forsøk fekk Highland Valeur kontakt med kjettingen, fortalde Syversen.

Maskinen varm

Bourbon Dolphin hadde på dette tidspunktet 1500 meter kjetting ute. I ein periode med unnamanøver og sterkt kjettingtrykk i tillegg til å halde skipet stabilt etter ver, vind og straum, gjekk maskinen varm.   Klokka 15.45 lokal tid kom det telefon frå maskinrommet om at maskinkrafta måtte reduserast for å unngå overoppheiting.  I følgje Syversen var dette ikkje vurdert som aktuelt i den situasjonen Bourbon Dolphin var i då.

Feil retning

Etter at Highland Valeur hadde fått tak i kjettingen på femte forsøket, tok dette skipet til å trekke i kjettingen - i feil retning. Dette førte til kraftige tilbakemeldingar frå dei som var på brua på Bourbon Dolphin. - Kapteinen ropte på VHF, og spurte om dei visste forskjellen på syd, nord, aust og vest, sa Syversen.

Varmgang

På nytt kom det beskjed frå maskinrommet om at "trusterkapasiteten" måtte reduserast. Maskinsjefen varsla at han måtte koble frå maskinen, om ikkje krafta på maskinen blei redusert.

På dette tidspunktet har sjøforklaringa teke pause.