Hopp til innhold

Berga truleg to liv: – Det kjennes godt å ha gjort ein forskjell

ROMSDALSFJORDEN (NRK): Sjarken frå Ålesund fekk motorstopp i Romsdalsfjorden. Mens redningsskøyta var på veg bles det opp med grov sjø. Og det heldt verkeleg på å gå gale.

Redningsaksjon Romsdalsfjorden

Sjå video frå den dramatiske redningsaksjonen. Her får matros Olai Fjørtoft kasta slepetauet over til sjarken.

Redningsskøyta «Det Norske Veritas II » er bemanna med frivillig mannskap frå Sjøredningskorpset i Ålesund. Denne gongen redda mannskapet mest sannsynleg to liv på havet.

– Vi veit no aldri korleis det kunne ha gått, men det kjennest godt å ha gjort ein forskjell, seier førar på redningsskøyta Johan Skylstad.

– Slepetauet rauk fleire gongar

Det var ved midnatt at Redningsselskapet blei oppringt med det som i utgangspunktet var ei rutinemessig melding om ein sjark som hadde behov for assistanse. Sjarken låg ved Dryna ved innløpet til Romsdalsfjorden. Det var alt blitt grov sjø då redningsskøyta «Norske Veritas» sette kursen frå Ålesund og nordover langs kysten.

– Vi fekk rett og slett utfordringar med å få slepar om bord. Alt vi kunne feste slepetauet i rauk. og båten var i ferd med å nærme seg land, fortel Skylstad.

– Frykta at sjarken skulle drive til havs

Dei som var om bord i sjarken hadde gjort alt riktig. Dei hadde fått på seg redningsutstyr. Men sjarken kom stadig nærare land og det var fare for havari. Mannskapet på redningsskøyta gjorde fleire forsøk på å få fast slepar på sjarken.

– Vi frykta også ei stund at sjarken skulle drive med straumen utover Romsdalsfjorden. Då kunne det verkeleg ha blitt dramatisk. Men då sjarken kom på vestsida av Dryna dreiv han innover mot land igjen, seier Skylstad til NRK.

Redningsskøyta hadde eit mannskap på tre. Etter kvart klarte dei å få fast slepar på sjarken og fekk kryssa fjorden og kunne legge til kai i Brattvåg ved halv femtida natt til torsdag.

Ifølgje Redningsselskapet har organisasjonen så langt redda 35 personar på havet i 2017.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL