Hopp til innhold

Kvinne vart jaga av sambuar med hagle

Ei kvinne rømde frå sambuaren sin og inn til naboar i indre bydel i Ålesund i går kveld. Sambuaren kom etter med hagle, og det vart etter kvart svært dramatisk.

Ålesund politistasjon

I ARREST: Mannen er i arrest i Ålesund og politiet vurderer å varetektsfengsle han (Arkivfoto).

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Situasjonen vart etter kvart meir dramatisk enn vi sette pris på, seier operasjonsleiar Borge Amdam ved Sunnmøre politidistrikt.

Starta med melding om bråk

Amdam opplyser til NRK at de først fekk ei melding om bråk klokka 22.25. Ein patrulje var i området og køyrde mot staden. Like etter fekk dei melding om at nokon hadde tatt seg inn i huset.

– Sambuaren har fått ein del slag og rømmer frå husværet sitt og får hjelp hos naboar. Då kom han på døra og trua med å ta seg inn der. Deretter henta han ei hagle.

Familien som bur i huset låser seg inn i eit rom og håper han ikkje skal få tak i dei. Sambuaren gøymer seg også i huset. Politiet kjem raskt til staden, og klokka 22.45 er mannen pågripen.

– Då har vi kontroll. Vi registrerer at mannen verkar rusa, og han er blør frå ei rift i fingeren, opplyser Amdam.

Vurderer varetektsfengsling

Kvinna som vart jaga av sambuaren sin, har i natt fått hjelp av legevakta. Mannen er no i arresten.

– Det står att ein del etterforsking. Vitneavhøyr og åstadsgransking. Vi vil også vurdere å varetektsfengsle mannen. Dette har vore ei ganske dramatisk hending, opplyser Borge Amdam til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL