Hopp til innhold

Ein dramatisk laurdagshandel i Midsund

Olianne Klauset Nerbø og ungane skulle berre innom butikken for kjøpe snop til barne-tv. Sterke vindkast og knuste ruter gjorde handelen svært dramatisk.

Øydelagt bakrute

Olianne Klauset Nerbø og yngstejenta ved bilen som dei heldigvis ikkje sat i då sterke vindkast slo inn bakruta.

Foto: Privat

Klokka var rundt 17.30 laurdag ettermiddag og Olianne Klauset Nerbø frå Midsund var på butikken med fire små ungar på mellom 2- 9 år for å kjøpe laurdagsgodt.

Tre sterke vindkast

– Det bles her, sa ein av ungane då vi gjekk ut av bilen. Eg tenkte ikkje noko over det, for staden brukar vanlegvis å ligge i le for vinden. Men han fekk heilt rett, fortel ho.

Inne i butikken tok det lengre tid enn planlagt, og akkurat då dei hadde betalt, så høyrde dei ein merkeleg lyd.

– Medan vi stod og lurte på kva det var, så smadra det i vindauge og alt som var!

– Det kom som sleppt ut av ein sekk. Det kom tre enormt sterke vindkast og vi fekk hiva oss innover i butikken, fortel ho vidare.

Artikkelen held fram under bildet.

– Heilt klart flaks

Kjøpesenter Misund

Søndag morgon var sponplater kome på plass i vindauga på kjøpesenteret i Midsund.

Foto: Odd Fremstedal

Sjølv veit ho ikkje om det var vinden eller dei store gjenstandane han førte med seg som gjorde at rutene vart knuste.

– Det flaug store reklameskilt innover i lokalet, Eg må seie betjeninga var veldig roleg og profesjonell opp i det heile, seier ho.

At det ikkje vart skadar på nokon av dei som var til stades, meiner ho heilt klart var flaks.

– Vi hadde englevakt, for det var glasbitar i veggane der inne, fortel ho.

  • Sjå Rbnett.no for fleire bilde av korleis det såg ut inne i kjøpesenteret.

Bilen øydelagd

Nerbø er veldig glad for at dei ikkje gjekk ut av butikken litt tidlegare. Bakruta på bilen som stod parkert utanfor er blåst vekk, og bilen vart flytta 45 grader av vinden.

– Bilen er full av sår og riper, og bensinloket er riven bort, men det er uviktig når ein tenkjer på kva som hadde skjedd om vi hadde gått ut berre litt tidlegare, seier ho.

– Vi var dels skjerma innandørs, så det gjekk verst utover dei som sat ute i bilane, fortel ho vidare.

NRK har fått bekrefta at ein bil med tre personar i, letta utanfor kjøpesenteret. Rutene vart knust og bilen vart ført eit stykke av garde med vinden. Ingen av dei tre passasjerane skada i hendinga.

– Ungane har sove dårleg

Sjølv om alt gjekk bra etter omstenda, har spesielt ungane fått seg ein støkk, fortel Nærbø.

– Dei vart skremde av det som skjedde og sov dårleg i natt, fortel ho.

– Vi må nok ta nokre rundar på at vinden vanlegvis ikkje oppfører seg slik, avsluttar ho.

Misund

Vinden drog med seg store skilt som dette i Midsund under stormen laurdag ettermiddag.

Foto: Odd Fremstedal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL